lørdag 2. november 2019

Det er underleg. Verda er på mange vis "out of whack", tenker eg. "Out of joint". Ting går fort, verdiar endrast, dei politiske frontane er harde. Det er mykje "spin" der ute. Kva som er rett og gale, sunt og usunt, er ikkje så opplagt.

Ein kunne seie at desse tinga berre skjer i subkulturar, og at hovudstraumen i samfunnet har ein god kurs. Men no er kaoset og frontane der: I Washington, i det britiske parlamentet, i kulturen (litteraturprisen, t. d.), i natur og klima. 

Dei vise menneska, og dei tunge tradisjonsinstitusjonane, er ikkje så tydeleg på banen. Dei vert også desavuert av rådande ideologi (nyliberalisme). Kva som er rett og gale, sunt og usunt, er ikkje så opplagt.

Det er nok rett: I slike tider kan ein hente inspirasjon frå dei gamle klostertradisjonane. Det er i utkantane ein har fridom og ro til å ivareta og foredle kultur og tradisjon, og byggje sunne fellesskap, og leve eit normalt og godt liv.

Dei som er i sentrum og freistar å gjere det rette, treng stønad og verdsetjing. Men der rår også - i mangt, ikkje i alt - ein ideologi som ikkje kan overleve, og som ikkje vil overleve. "The centre cannot hold". Kva som er rett og gale, sunt og usunt, er ikkje så opplagt.


2 kommentarer:

  1. Det var et nokså mørkt bilde du tegner. Om det blir endringer i politikk og økonomi, i dominans og ledelse på verdensbasis, får en forholde seg til det, om en ikke kan påvirke endringene.
    En kultur er normalt i bevegelse, med impulser og reaksjoner. Jeg er en kulturbærer og fremmer verdier som er viktige for meg. Hvordan velger jeg mine verdier? Kilden, utgangspunktet er Guds åpenbaring i Kristus. «I ham er alle visdommen skatter skjult tilstede».
    Klostertradisjonen har det til felles med en som meg at vi søker inn til kilden, griper tak det som ikke kan rikkes av kaos, stress og strid rundt oss.

    SvarSlett
  2. Ja, det er nok eit mørkt bilete, eg trur vi går mot vanskelege tider. Men, menneske spår, Gud rår, som det heiter. Eg er heilt samd med deg: Det ein ikkje kan gjere noko med, må ein best la liggje, og leve sunt. Det forstår eg meir og meir, ikkje minst fordi livet er forgjengeleg og kort, i denne tida.

    Og ein kan uansett ha eit veldig godt og meiningsfylt liv sjølv om kulturen på makronivå er i krise. Guds openberring i Kristus, ja. På eitt eller anna vis. Den tematikken er jo også i sjølve kjernen av kulturkomplekset.

    SvarSlett