søndag 10. november 2019

Aage Borchgrevink skriv interessant om "89-arane".

Mellom 68erne som pensjonerer seg i disse tider og millennials-generasjonen (født etter 1980) som driver den grønne revolusjonen, er det et svart hull. Det er min generasjon. De som ikke ville være med.
Hvorvidt vi i det hele tatt er en generasjon er diskutabelt. «Vi»? Det pronomenet er avleggs. Det heter ikke vår kamp, det heter Min kamp. Og det skal faen meg være seks bind av den.

...
Siden vi ikke hadde andre fiender, ble hykleri den store satan. Aktivister fremsto som autoritære personligheter som bare lot som om de brydde seg. Slik som Kjetil Moslet, programlederen fremstilt av Bård Tufte Johansen på NRKs «Lille lørdag». Moslet skal være «vaktbikkje», men blir servil hver gang makta snakker.

...

Ironiens mørke tvilling var inderligheten hos forfattere som Hanne Ørstavik og Karl Ove Knausgård. Skepsisen til et språk infisert av reklame og andre maktstrategier preger hovedpersonene til Ørstavik i den grad at de lurer på om de selv er virkelige. «Ute av verden», het Knausgårds debutroman.


Både ironi og inderlighet handlet om å trekke seg tilbake, fra politikk og samfunn. Det finnes ingen sosial dimensjon i 89-ernes bøker

...
68-erne hadde studentopprøret, millennials-ene streiker for klimaet. Men det er ingen massebevegelser eller demonstrasjoner assosiert med 89-erne. Det er i realiteten utenkelig. «Jeg reiser alene», sto det på lappen åttitallets skilsmissebarn hadde om halsen. Ekte 89-ere kjører ikke kollektivt.
...


20 kommentarer:

  1. Synd at eg akkurat ikkje gjekk klar av det svarte holet. Det er visst yngre krefter som skal redde kloden, de som er fødde frå og med 1980 👍 Nokså demoraliserande, om ein då ikkje hoppar ned i eit kaninhol på rein trass-

    SvarSlett
  2. Skal ein fylgje P Kingsnorth (som eg nok mykje på veg gjer), må vi berre gje opp å "redde kloden"... Kan berre redde det som er nær oss, i oss, rundt oss etc. Og "brace for impact". Eg skal ikkje insistere på at dette er rett strategi, men vanskeleg å sjå det annleis. (Kanskje er dette også sunnast, mest realitetsorientert, med størst sjanse for gode konsekvenser. Dvs. bry seg om seg sjølv og sine omgjevnader fyrst).

    Elles mykje å fundere på med korleis "generasjonar" blir prega. På ein del vis er dei ferdig forma, "can't teach an old dog a new trick" med mindre det er verkeleg djupe hendingar som skjer, anten personleg eller i større skala.

    SvarSlett
  3. Du er vel for øvrig ein del av "det kristne unntaket" til ironi-generasjonen, kanskje?

    SvarSlett
  4. Hmm, har ikkje tolka P. Kingsnorth slik. Han veit vel ikkje sjølv akkurat kvar me er på veg? Men oppmodar til at me byrjar å skrive historiane våre frå eit nytt perspektiv (ikkje- humant). Og han er vel ikkje akkurat for at me skal lykkast i å ta knekken på kloden heller?

    Elles trur eg me er i utvikling heile tida, det er uunngåeleg. Men kan sjølvsagt gå raskare eller seinare, t.d. alt ettersom ein er terapientusiast eller ikkje. Bare viktig å hugse at den einaste ein kan endre, er seg sjølv. Og at omgjevnaden ikkje nødvendigvis heng med i svingane. Som igjen kan skape nye utfordringar.

    Det passa eigentleg godt at eg høyrde til den generasjonen fram til for ca 8-10 år sidan. Me trudde vel aldri at me kunne redde kloden. Nå kan eg eigentleg ikkje forstå korleis me kan fortsette med skylappane på. Det blir som om Frodo nekta å forlate Hobsyssel, uansett kva farer som truga.

    Kva meiner du med det kristne unntaket til ironigenerasjonen?

    SvarSlett
  5. Kanskje både og istadanfor anten eller. Både redde seg sjølv og sine nære omgjevnadar OG kloden som heilskap. Det må vel nødvendigvis henge saman?

    SvarSlett
  6. Eller kanskje også at heilskapen kjem delane? Det nyttar ikkje kor idyllisk me har det i Hobsyssel, dersom resten av verda går ad undas (elles er vel Ringenes Herre ei bok som skal takast for det ho er, og ikkje overfortolkast. Ref forordet frå forfattaren, der det går fram at han m.a. har ei elskverdig motvilje mot alt som smakar av allegori).

    SvarSlett
  7. Hei igjen. Kingsnorth har skrive ei kjent bok om temaet:

    https://www.amazon.com/Confessions-Recovering-Environmentalist-Other-Essays/dp/1555977804

    Han tenker nok slik som ein del andre i miljørørsla, til dømes David Fleming, som eg har lese mykje av. Den økologiske og klimatiske situasjonen er bunde opp med livsstil, religion (kapitalisme), identitet, samfunnsformer, velferdsstat, kjønnsroller, vitskapssyn, teknologibruk, vekstideal og meir til. Å endre kurs dreier seg meir om ei slags religiøs omvending enn om Co2-avgifter og utvikling av ny batteri-teknologi etc.

    Men sant som du seier, med Shire. I det heile eit interessant poeng. Altså, som eg er innom nedanfor - korleis leve med visdom. "Ringen" er for øvrig - for Tolkien - i det store og det heile "maskinen" som Kingsnorth talar så mykje om. Det industrielle og kapitalistiske og teknologiske kompleks (vel å merke i dets destruktive former). Kingsnorth sitt poeng er "we don't get to choose" - du kan godt prøve å redde verda, men du vil uansett ikkje klare det.

    Ang. generasjon tenkte eg på at ironi-generasjonen sin mentalitet var at ein ikkje ville ta metafysikk, moral, teologi, kyrkje etc. "seriøst". Det gjaldt å ha ein ironisk distanse, utan å ta for mykje stilling. (Dette var det naturlegvis grunnar for. Det var ein slags strategi). Kyrkja, særleg meir frikyrkjelege delar, var ein slags motpol til dette, like eins Human-etisk forbund (jfr. korleis BT Johansen og H Eia tulla med nettopp desse).

    SvarSlett
  8. Takk for boktips, eg les gjerne meir av Kingsnorth. Men kan ikkje forstå anna enn at han ønskar å påverke utviklinga? At han har ein visjon om ei veldig annleis verd om 5O-100-200 år? Ikkje dermed sagt at kloden vert redda altså. Dessutan, i det lange løp vil vel kloden overleve uansett, om så med eit svært redusert biologisk mangfald, og utan den norske velferdsstaten/Hobsyssel (fram til den blir slukt av sola som raud gigant i ei veldig fjern framtid). Det er sivilisasjonen vår som står i fare for å utrydde seg sjølv. Om ikkje det er motivasjon for endring utover CO2-avgifter, så veit ikkje eg. Igrunnen forståeleg at generasjonen min møtte utfordringane med ironisk distanse. Eg trur heller ikkje eg gjekk klar av den hovedstrategien. Men når ein blir klar over kva ein har drive med, kan ein også velge noko anna. Tenk bere kor viktig det er kva me lærer ungane våre! (og det er vel der visdommen kjem inn, håpar du fortset å dele kva du funderer deg fram til).

    SvarSlett
  9. Hm, spørst om du får lese om kva han seier om "uncivilization". https://dark-mountain.net/about/manifesto/ Det er vel nettopp "sivilisasjonen" som er ein vesentleg del av problemet mao. "Omvending" er å fatte eit nytt sinn, og det er vel også poenget her. "Grøn aktivisme" som held fram i same spor (teknologioptimisme, grøn vekst etc.), er forfeila og vil antakeleg vere vel så skadeleg som sporet som vi no er inne på. Ja, han har andre visjonar, ja. Det er vel denne visjonen han freistar å leve ut i sitt eige liv. Takk elles for gode ord om det eg skriv.

    SvarSlett
  10. Det er den eg har lest så langt, ja. Og ja, det er ikkje sivilisasjonen som skal reddast. Men heller kloden/me sjølve som bør reddast frå sivilisasjonen vår. Me snakka kanskje forbi kvarandre🤔

    Ikkje så rart me trong ironisk distanse. Og at me no treng nokre nye eventyr. «Omvending» sorterer vel også naturleg innunder ditt fagfelt👍 Fekk elles lyst til å lese om korleis Kingsnorth lever ut livet sitt-

    SvarSlett
  11. Vel, det var smigrande. Men spørst om eg hadde fortent ein eigen fanklubb :-p Elles interessant korleis PK lever livet, ja. Han siktar vel mot landsbygd anno 1900 eller noko slikt. Kort sagt ingen tvil om at det er fordelar med "moderne livsstil". Spørsmålet er om fordelane veg opp for ulempene.

    SvarSlett
  12. Ja, og kva som eigentleg er handlingsrommet vårt? Kva kreative tilpassinger er tilgjengelege/moglege i feltet? Og er det fortsatt mennesket som skal stå i sentrum når me reknar på fordelar og ulemper? Og er me i det heile istand til å setje noko anna enn oss sjølve i sentrum-

    SvarSlett
  13. Jaja - veit ikkje kor mange som les denne tråden, men nokre refleksjonar. Det er eit viktig tema. Handlingsrom. Det er jo dette PK talar mykje om (han står i tradisjonar, naturlegvis). "Maskinen", som gjev "constraints" på alle område av livet. Maskinen legg opp til ein viss livsstil, men formar også våre djupe ideologiske instinkt, så å seie. Vanskeleg nok å bli klar over dei, enn seie etablere vilje til endring, enn seie ha evne til å endre praktiske premiss, enn seie ha fridomen til å gjennomføre det. *Dvs. åleine.* Mtp. mennesket i sentrum, ja. Moderne "mennesket i sentrum" er no i alle fall noko ganske anna enn Adam og Eva i sentrum av Eden. Men no høyrest eg pessimistisk ut. I gamle tradisjonar reiste folk ut i ørkenen for å få klarsyn. Eg har trua på å "stanse opp", få avstand, endre omgjevnader. Som eit steg.

    SvarSlett
  14. Har i det siste fått opp augene for meditasjon. Det er ein måte å både stanse opp og arbeide med seg sjølv på, som eg har undervurdert tidlegare.

    Elles hintar vel Kingsnorth til at det kristne verds- og menneskesynet (i stor grad?) har bidratt til å leie oss hit me er? Med mennesket i sentrum av skaparverket?

    Om ein naturreligion hadde dominert utviklinga istadanfor kristendommen, hadde kanskje mennesket posisjonert seg annleis ift resten av skaparverket-

    SvarSlett
  15. Det er vel også litt av Kingsnorth sitt prosjekt, a samle likesinna for å dra si same retning. Eller «feite opp» figuren, til me får eit aha saman. Istadanfor å gjere det til eit soloprosjekt.

    SvarSlett
  16. Hei, no har vel PK konvertert til ortodoksien. For øvrig er "det kristne" så mangt. At kristendomsformer som har hatt for lite syn for skaparverkets mystiske dimensjonar, har bidratt mykje til dagens situasjon, er klart nok. (Godt diskutert m. a. av Brad Gregory i Unintended Reformation). Problemet, på mange vis, er at industriell kapitalisme vart til ein kvasi-religion som skulle fylle holet som "medieval Christendom" før hadde representert. (Jfr. Eugene McCarrahers Mammon).

    Men naturreligiøsitet er def. naudsynt. Mange finn dette i sk. "keltisk kristendom", som dog ofte er meir moderne enn ein skulle tru. Det aller meste av pre-moderne kristendom er for øvrig "automatisk" meir naturreligiøs enn moderne religion. (Metafysisk materialisme var ikkje ein "option", ei heller marknadskapitalisme eller industriell revolusjon).

    SvarSlett
  17. Takk for grundig svar👍 Fint å sjå nyansene, og ikkje skjere alle kristne under same kammen-

    SvarSlett