søndag 6. oktober 2019

Quiz i Vrådal, på cafeen. God stemning, godt vertskap, hyggelege folk. Eg heldt quiz og spela musikk. Folk tørstar etter musikk. Tørstar og lengtar. "Spel litt meir!!" Handlar det om meg? Ja, kanskje det, eg har min bakgrunn, min identitet, mine erfaringar, som er skrive i kroppen og stemma mi og uttrykket mitt. Men nettopp dette er jo ikkje berre "meg". Nett slik song og musikk gjer oss til "eitt", så er også framføraren slik. Det var det Høgset tala om då han snakka om Grex. "Dette handler ikke om oss. Vi er på oppdrag fra høyere makter". Ein krasj på dette kom i Stjernekamp.

Underleg! "Stjerne". Det er noko vi ser på, noko som er langt unna, noko som skin i mørkret,
noko som gjev retning og mysteriøs kunnskap. Men i går song dei salmar. Dei hadde stjerner som "backdrop" på scena. Ikkje fordi det handla om popstjerner no, men meir fordi det var den rette stemninga, så å seie. Stjerner gjer oss små og andektige og får oss til å sjå vår plass i den store samanhengen (i moderne tid ser få folk stjerner pga urbanisering og industrialisering!)

Men salmen tala om Gud - Gud er jo... Gud er kanskje "djupet" som vi tap'ar inn på når vi går inni musikken. Gud er ljos. Gud er "musikken i dei evige sfærer", kan ein seie (gresk tenking). Men etterpå gav folk applaus og rosa popstjerna. Skjønt - det er ikkje gale. Folk var også andektige og høyrde bodskapen og innhaldet der.

Det ligg noko her, i mediasjon og det sakramentale. "Soli deo gloria" skreiv Bach, vel og bra. Men det går også an å rose Gud GJENNOM ein utøvar og gjennom eit, skal vi seie, sakramentalt medium. Ein popsongar. Som å be til Gud via helgen. Eller som å bruke vievatn. Eller ta imot nattverden, ikkje sant. "Gud i alt". Månen som reflekterer ljoset frå sola. "Jeg er månens elev." (Den song eg i går!)

Buddhismen har noko rett her, kor mykje tør eg ikkje seie. Men...i at vårt sjølv er ein del av eit større heile, er ikkje individualistisk og avsondra. Mainstream modernitet her er way off kilter. Og det har verkeleg store implikasjonar for menneskesyn, røyndomssyn, spiritualitet, metafysikk, gudsbilete o. a. Skjønt, romantikken var ei motrørsle, også naturmystikken. (Det kunne munne ut i fascisme :-s )

Poenget mitt er at musikk er å skape eit mystisk fellesskap, og det er noko fett med det.


Bilderesultat for hughes gud i alt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar