fredag 11. oktober 2019

Om eg delar tankar og refleksjonar på bloggen, litt hiten og diten. Er det sunt eller usunt? "Try this for size:" Kan reviderast ved seinare høve. ("Vil reviderast") Skaper det berre forvirring, eller er det heller små brødsmuler som leier nærare vegen?

Om du tykkjer "Sunt og interessant", trykk "Samd" eller "likar." Dette alternativet krev meir av lesaren, krev meir kritisk refleksjon.

Om du tykkjer eg bør halde kjeft og heller seie ting som eg har tygd meir nøye gjennom, trykk "usamd", "likar ikkje." Dette skaper nok meir sinnsro, og er meir rett dersom ein ikkje ynskjer eller har behov for å vere "i støypeskeia".

Problemet er elles velkjent frå vitskapsfilosofien. Du lærer noko nytt om vitskap. Trur du har funne "facts". Noko anna bakgrunnskunnskap eller forståingshorisont endrar seg. Alt setjast i nytt ljos, opp blir ned og vest blir aust og sentrum blir periferi. Kom du nærare? (Vi må vel svare ja - eller? Ei mysterietenking må liggje i botnen. Men no driv eg med rambling att. Er det slikt eg skal skrive på bloggen????)

3 kommentarer:

  1. Jeg trykket på alle knappene, jeg. Det høres ut som om du kunne ønske deg mer reaksjon fra flere lesere, noen som skaper dynamikk, som bidrar til dialog, framdrift. Microsoft pleier å legge ut uferdige produkter, mest for å få teste det i den virkelige verden, og derette gjøre endringer og flikke litt her og der til det blir et bedre produkt. Det er frustrerende for dem som hiver seg på siste modell og tenker at dette er et fiks ferdig produkt. Samtidig er det fantastisk og utviklende for dem som vet at her er det mye fint og nytt, men det er rom for forbedring, og den kan de være med på å bidra med. Kanskje det er litt i den duren med uferdige tanker - Men, det kunne vært ok med flere enn meg som deler reaksjoner!

    SvarSlett
  2. Hei, ja - eg tenker mest på...om folk opplever det som vanskeleg, å bli hivi litt rundt som ei bylgje, på ein måte. Eg kan dele noko eg har tenkt, eller lese. Som verkar fornuftig.

    Så kan det etter ei stund vise seg at det var ubalansert, mangla perspektiv, trengte revisjon, var irrelevant, eller bidrog til unødig tankeverksemd og unødig uro.

    Men det kan likevel vere interessant, viktig, fornuftig.

    :-s :-s :-s

    Men sant at reaksjonar er bra. Det er bra å vere sjølvstendig, på eitt vis. Ha ei ballast i båten, som gjer at ein ikkje så lett blir vippa av pinnen, sjølv om eg seier noko som skulle tilseie det, på ein måte.

    Neimen om eg veit.

    SvarSlett
  3. Men velkomen til å dele dine refleksjonar og reaksjonar når du kjenner for det.

    SvarSlett