mandag 28. oktober 2019

Bilderesultat for goethe life as art

I dag bestilte eg denne boka. Goethe var ein gigant. Han er imidlertid nesten ukjent i min kulturelle samanheng(!) Ein veit at han skreiv Faust, moglegvis Den unge Werther... Kanskje at han var romantiker. Men eg kom stadig innom han då eg las SH Buhner, og det viser seg at Goethe har veldig interessante tankar om natur og røyndom. Ikkje-materialistisk.

Uansett, Goethe levde i ei tid då det var moderne å vere ein "great man" som skulle vere danna, få til store ting, få mykje ære etc. Goethe var på mange måtar kvintessensen av ein "great man". Eg er ikkje nett på den linja, men eg trur det er interessante ting å lære her. Han var trass alt eit geni. Dessutan er han ein sentral person i tysk kultur, ein kultur som det er godt for meg å ha betre kontakt med.

Så det skal bli spennande. Kanskje eg skulle reise til ein by på ferie og lese den boka medan eg sit på ein hyggeleg og elegant cafe.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar