lørdag 5. oktober 2019

Fridom. Transtrømer seier noko slikt som at musikken viser oss at fridom eksisterer. Men musikk er på mange vis ei, hm, "teoretisering" og foredling av det å vere menneske. Skjønt, kanskje det er naudsynt med nokre rammer, for at det gode skal kome fram.

Gestikulering/dans
Tonefall/tonar
Intensitet/dynamikk
Språk/tekst
Stavelse/rytme
Kjensler/stemning

Eit levande menneske ER på mange vis musikk, det er ikkje nokon prinsipiell overgang her. Hjarta slår i rytme, like eins vår gange, og vårt språk. Når vestlege menneske på sett og vis har "mist musikaliteten", slik vi tenderer til, så er likevel naturen slik som den er. Musikk er vel kanskje...hm...ein koplar inn på noko, ein dynamikk, ei djubde. Og slik trur eg vel at mennesket også kan vere "kopla" inn på djubda i det daglege. Rart med det: Koplar ein inn på denne djubda, kan ein også få djup kontakt med dyr. Moglegvis også planter (eg trur det, men der er vitskapen noko meir sketchy).

R Williams skriv i si siste bok om at den primære måten å be på, i kristen tradisjon, er å vere stille. (Ikkje berre fråvere av lydar, men også ei indre stille). Rohr seier: Å vere stille inntil du kan seie "ja."

Musikk er fridom - men det er då også det å vere menneske. Dømt til fridom, sa Sartre. Mackey peikar på at Sartre og Nietzsche her hentar fram genuin kreativitet og fridom som var undertrykt av moderne gudsbilete. Dei var på sett og vis meir ortodokse enn kyrkja. Mennesket er ikkje ei maskin, vi kan verkeleg skape, og vere med-skaparar, slik også skaparverket sjølv skulle la spirer og vekstar og frø vekse fram. (Berre sjeldan seiast det i skapingssoga at Gud bestemmer, og gjev tydelege bestemmingar. Heller opererer han som kunstnar og handverkar, det er metaforikken. Han "skjer til" og "formar" og "delar" og lagar dynamiske former. Å vere "i Guds bilete" er såleis å vere kreativ, dvs. dette er ein stor del av poenget i Gen 1-2. Vere kreativ, og med "visdom", innanfor gudgjevne grenser.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar