onsdag 23. oktober 2019

Fiksar bil. Eg hadde gjeve opp, var det ikkje for bror min som hjalp (og vener). 

Bremsa skrapa. Måtte gjere noko. 

Kloss var nedslite, var på metallet. 

Kalipper: Rusta nesten heilt fast.

Få tak i sett for å trykke inn stempelet. 

Få ut glideboltane - litt av ein jobb, sidan dei sat ekstremt godt. 

Kyrkjetenar sa: "Det kan vere ein fæl jobb. Dei kan sitje ekstremt hardt fast." 

Men vi fekk dei ut...omsider. 

Ein av boltane var øydelagt og hadde eit hakk.

Kjøpe nye glideboltar på biltema. 

Pusse kalipperen i hola for boltane. 

Setje på plass delane. 

Kalipper framme: Sat også veldig fast, masse arbeid å få ut. 

Glideboltar var øydelagte, gummi var løyst opp. Stål mot stål. 

Nye glideboltar spesialbestilt. 
Fyrst bestilte dei feil. 
Så bestilte dei berre eitt sett. 
Så kom det andre. 
Tre turar til verkstaden. 

Metallfeste for klossar øydelagt, måtte bestille nytt. 

Setje saman delane. 

Etc. 

No kan eg mykje meir enn før, om bil og bremser. 

I morgon får vi sjå om bilen går som den skal. 

Eg skjønar kvifor folk kjøper nyare bilar, og kvifor dei har dei på service :-s Eg skjønar at det er lurt å sjekke bilane årleg. Og det er lurt å jamnleg skifte skiver, klossar, glideboltar. Billig vedlikehald.

Ein kan spare mykje på å ha ein gamal toyota. Men ein må kunne mekke, og vere smart mtp. vedlikehald. Og noko anna: Det kan verke uoverkomeleg å mekke. Men når ein veit kva som må til, korleis ting fungerer, kvar skruane sit, korleis ein skal losne på ting, kvar ein skal bestille delar etc. etc., så er det mykje lettare. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar