søndag 6. oktober 2019

Eit menneske kan ha logos, ethos, pathos. Fornuft, moral, intensitet. Det kan vere dette som utgjer "attraksjon" i livssynsspørsmål. Om ein har eit slikt førebilete, som er "on top of things," på sett og vis, blir det ikkje vanskeleg å leve med uvisse og usemje. Det ligg også i embetsnamna, faktisk. At ein har ein omsorgsfull og kompetent autoritetsperson over seg som skal "verne" og rettleie.

Ein "episkopos" er ein "oversjåar" eller "på-sjåar".

Paven er "papa".

Prest blir kalla "fader".

Abbed kjem av "abba", altså "far".

Eg skjønar meir og meir at dette er ein viktig og oversett del av protestantismen. Vi menneske er ikkje berre rasjonalitetsstyrte, vi treng nokon å stole på, som vi ser opp til. Det er slik for alle, meir eller mindre, trur eg. Men protestantismen har jo ikkje desse strukturane. Kanskje er det andre som steppar inn i staden. Hm. Makt og autoritet er eit vanskeleg felt, det er sikkert. Men noko må jo gjerast og seiast. 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar