fredag 18. oktober 2019

Eg var på sundagsskule. Dei hadde forming, og laga sauer og hyrde og gras av kitt. Det vart lima opp på ei tavle med filt og noko papir, og mange fargar. Den skulle henge på veggen.

Strekteikningar der ein skulle fargeleggje. Eg sa: "Trur ikkje eg har fargelagt på 20 år. Dette må eg prøve". "Då får du kose deg!" Det gjorde eg.

Så var det songar med rørsler, og tenning av ljos, truvedkjenning, og bibeltekstar og flanellograf. Det slo meg at flanellograf verkeleg gjer eit djupt inntrykk. Det var sauer i villmarka. Med eit vart det lagt på ein stor bjørn i åtak. Biletet var stille, men fullt av dynamikk.

Det var mat på eit langbord, og vi sat og åt og vi vaksne snakka om bygda og livet og kyrkja og planleggjing.

Legoklossar, nokre bygde. Foreldre kom og skulle hente. "No må du kome." "Jaahhhm." [Byggje, byggje, leike]. "No MÅ du kome" "Mmmhm." [Byggje, byggje, leike]. 10 minutt seinare. "Du, no er det på tide! Vi må heim!" "Ja, mmhm." [Byggje, byggje, leike].

Hm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar