mandag 7. oktober 2019

Det er nokre ekstreme skilnader mellom ortodokse gudstenestefeiringar og protestantiske reformerte/moderne "møte" og til dels gudstenester. "Ekstrem", dvs. ting er på kvar sin ytterkant. Særleg mtp. bedehus.

O: Masse fargar, mønster, symbol
P: Kvitt og svart

O: Masse gestar som bøying av kroppen, kyss av objekt og menneske, krossteikn ned til bakken, oppløfta hender
P: Sitje stille, evt. stå ved lesepult.

O: Masse bilete av helgenar, situasjonar, Jesus.
P: Nokre tydelege bilete av Jesus.

O: Ein heil haug med ljos, og mykje røykjelse, og mykje klirring av bjeller
P: Nokre ljos, av og til.

O: Messing, korsong.
P: Salmesong, mykje av det!

O: Kapper, klede, hattar, band etc. Med masse fargar.
P: Ingenting spesielt.

O: Brød og vin - brød til utdeling til alle.
P: KAFFI. Nattverd har vore nærast borte frå bedehuset.


Reformert og ortodokst er på desse tinga ganske ekstreme motpolar. Luthersk gudsteneste er litt lenger inne på spekteret. Bedehuset har ofte tenkt på seg sjølv som eit supplement til kyrkja. "Ellipsemodellen". Men har henta inspirasjon frå radikale rørsler i moderne protestantisme (skjønt, NLM henta også inspirasjon frå Luther og i nokon grad ortodoksi).

Det er underleg å observere, og skilnadene har å gjere med mange ting. Bibelsyn, gudsforståing, epistemologi, spiritualitet, tradisjonsliner. Det finst også positive anliggende i reformert "austerity", liksom ein kan vere kritisk til ting i meir "dekorerte" tradisjonar. Det var årsaker til at utviklinga gjekk denne vegen. 

Og så er det klart at "bedehuset" har hatt sine veldig sterke sider mtp. det sosiale, det aktivistiske, det inderlege og det folkelege. Men når det gjeld det lange løp, og dei store spørsmåla, og den djupe spiritualiteten, så er det i det store og det heile ortodoksien som har dei langt beste korta på handa her, for å bruke ein slik metafor.

Interessant nok er Peter Halldorf ein figur i dag som sameinar dei to tradisjonane, og som klarer å vere varsam og få med folk, så å seie. Veldig bra, tykkjer no eg! Og kven er visast av desse to?

Bilderesultat for peter halldorf


Bilderesultat for peter halldorf



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar