torsdag 17. oktober 2019

Bokmessa i Frankfurt. Eg blir tankefull. Bokmessa har gamle røter, attende til 1300-talet. Litteratur er viktig. Men marknaden har kolonisert det. Noreg har ein stand der. Det blir tala om å "slå gjennom", om at "flere titler må oversettes", om at "vi skal ikke bare leve av olje og laks", at "Noreg har blitt nemnt 800 ganger så langt i artiklar om litteratur" etc.

Litteraturen blir masseprodusert, og blir til konsum-vare. "Litteratur-junkfood", eller "litteratur-tyggegummi", eller "litteratur-popmusikk". Men kjem vi djupare, nærare livet, nærare sanninga då? Eg trur ikkje det - heller blir det å bylgje rundt på overflaten, og det blir "meir av det same", som H Rosa har tala om. Eller: Kulturelle inntrykk blir såpass fragmenterte at det er vanskeleg å kome djupt i røyndomen. Eller: Lesarar blir overvelda av stadig nye marknadsborne bylgjer av litteratur.

Men kva er den verkeleg gode og viktige litteraturen, som ikkje berre styrast av trendar og marknad? Då er det viktig med "klassikarar" og "tradisjonar" og "kanon". Så vi kan forstå oss sjølve, forstå vår historie, få visdom og livshjelp, ha ein rett visjon for livet. Kva er den rette kanon? Kva høyrer heime der? Hoi. Det er heller ikkje så opplagt. Men det finst nokre verk som har stått "the test of time", og som verkar mystisk, d. e. hjelper oss djupare i røyndomen.

Bloom, TB Eriksen o. a. har laga gode lister. Og så finst det naturlegvis "kyrkjelærarar" med sine klassikarar - Ireneus, Tertullian, kappadokiske fedre osb.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar