fredag 13. september 2019

"Vi legger'n død". Seier nordmannen Jon Almaas. Og inviterer ein vitskapsmann.

End of discussion.

Vi har kunnskap.

Vi har relasjonell "fred".

Vi har litt mindre eksistensiell angst.

Vi har praktisk kunnskap.

Vi har fylt ut litt meir av puslespelet (vi veit rammene)

Veldig godt, så langt det rekk!


Men.


"Vi kan ikkje leggje han død". Vi inviterer ein vitskapsmann. Og lyttar, og funderer. Og held fram diskusjonen.

Viss vi vil.

Eller vi lever i "suspense". (Det er lov! Hjarta/kroppen har sine grunnar som fornufta ikkje forstår, og slik må det vere).

Vi har feilbar og reviderbar kunnskap.

Våre relasjonar er alltid dynamiske, prosessuelle, "in flux", ein del av eit scenario som alltid er i rørsle, alltid påverka av ein ekstremt kompleks (men kanskje likevel simpel?) røyndom

Eksistensiell angst vil det alltid vere. Korleis stille den - korleis finne fred? Å puste ut det vonde og vanskelege. Å puste inn det guddomelege mysteriet. Kanskje ete det. Kanskje ta det imot i ein klem. Eller skog. Leve praktisk i røyndomen og kome i kontakt med guddomeleg visdom. ("En arche æn ho logos", ikkje sant. Jesus kroppsleggjer den praktiske visdomen, tenkte ein).

Vi praktiserer vår kunnskap, men erkjenner grensene. Vi må respektere, ha ærefrykt. Vi er små. VI FORSTÅR SÅ LITE, OGSÅ OM OSS SJØLVE.

Vi er ei bylgje på det guddomelege havet. Las eg her om dagen.

Nei - vi kan også manipulere, ta del, men det gjeld å spele på lag. Med røyndomen. Om vi vil leve lenge i landet, og få ekte visdom.

Verda er ikkje eit puslespel, berre innanfor mindre kontekstar som blir vilkårleg avgrensa. Når ein går djupare, inn i dimensjonane, ser vi ikkje grensene, kjenner vi ikkje kompasskursen, veit vi ikkje nett opp eller ned.

Lenge trudde ein at Jerusalem var sentrum i verda, på ein disk med ein kuppel over, og stjernene gjekk rundt jorda.

Men noko kan vi jo spore og erkjenne, av naturen. Skjønt, kva? Når eg går i naturen no, så forstår eg at...eg kan ein del biologi. Eg kan lære mykje meir, fordi mystiske vitskapsmenn har arbeidd godt og hardt. Men kor djupt går mysteriet? Ingen veit, og overflatefenomena er framleis gyldige, så å seie.


Ja - eg meiner berre...Almaas norske modell og framgangsmåte har mykje godt ved seg, det er sikkert. Men den er også moderne-protestantisk, på godt og vondt. Vi kan aldri "legge'n død" (aldri - og det vil også vitskapsfilosofar vite godt; vitskapleg kunnskap er under kontinuerleg revisjon, og ingen veit nett korleis dette vil slå ut når nye paradigmer slår inn. Visste vi det sentrale eller visste vi det perifere? Etc. John Dupre, Disorder).


Bør ein så vere grunnleggjande platoniker, tru?? Eg lurar på noko slikt, men kven veit. Det er vanskelege problemstillingar overalt når ein freistar å tenke teologisk og filosofisk.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar