lørdag 14. september 2019

Teknologi er ikkje nokon stor interesse for meg, men utviklinga går jo fort i vår tid, og ein fordel med det, er at dersom ein legg seg sånn fem år på etterskot, kan ein få bruka teknologi veldig billig. Til dømes eit kamera på Finn. Så det har eg kjøpt no, og eg håpar å få teke veldig fine naturbilete og leggje dei ut på bloggen her. Fylg med, fylg med, så skal vi sjå.


I dag eit bilete frå gamleveg. Der er det veldig fint. Teke for nokre veker sidan. No er det haust. Det er våtare, mørkare, friskare, kaldare. Haust! Mot død. Den store søvnen. Det er godt vi har ljosfesten - jol - midt i mørkret. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar