(Der eg freistar å skrive ærleg om det som betyr noko - særleg for meg - og der lesaren kan dele sine tankar i respons)
lørdag 14. september 2019
Ser gjennom katolsk salmebok. Eigentleg interessant. Det er mykje liturgiske melodiar. Det har også Dnk fått no, m. a. med bibelsk salme for kvar sundag i kyrkjeåret. No har eg sett gjennom dei to fyrste salmeseksjonane, for "Gud Fader" og "Treenigheten". Salmane er i det store og det heile nett dei same som i Dnk-salmeboka. Nokre fleire salmar frå "embetsprestar" som Zetlitz, og frå folk som Welhaven og Grundtvig. Men salmar av Landstad, Bjerkreim og Brorson er der. Blir spennande å sjå vidare etter kvart. Men godt at salmeboka og liturgien på mange vis er økumeniske, og eg håpar at dette held fram, steg for steg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar