mandag 30. september 2019






 Pad-lyd skaper kjensle av meditasjon. Nesten som vind og lyng og rislande vatn.

Romklang skaper kjensle av eit stort rom, så vi er små.

Songen går i moll. Noko er ettertenksamt og melankolsk. Noko er i ulage, og lengtar - det uttrykkast også i sologitaren sine "yearning" rop.

"Krangel og kiv, på død og på liv", heng lyrisk saman, allitterasjon og uttrykk om absolutt alvor. Musikken går opp og ned, opp og ned, som om kranglane aldri tek slutt.

Lengsla går mot dur, stabilitet, harmoni. Som kjem i refrenget. "Prøve" - uttrykkast fyrst etter stegvis progresjon mot duren og tonika.

Sekundær-dominant kjem som andreakkord i refrenget. "Being painfully, greatly moved", er den harmoniske funksjonen til sek. dominant. Og der kjem ordet "tru".

Og koret i bakgrunnen minner om ei kyrkje, eller om eit fellesskap, om liturgi.

"Du skapte oss Gud, til kjærleik", og kjærleik er på ein høgare tone, som at kjærleiken stig mot himmelen, som ei bøn.


Etc. Det er veldig fascinerande å analysere musikk på dette viset. Dette er jo berre å skrape overflaten, for det er ei mengd med lag her, som spelar saman. Musikarane går inn i seg sjølve og uttrykker ei verd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar