onsdag 11. september 2019

På tur i Strauman. 

Det regna. Var vått. Eg fekk ikkje fyr. 

Eg tenkte: "Er det tre her, til fyring, kan det ikkje vere så vanskeleg å finne det. Kor mange moglegheiter er det?"

Eg tenkte på Roger, som hadde fått til å lage bål i regn. Han fann skjørtegran. Så det gjorde eg. Der var det omsider tørt. Eg fann vegen under stammen og sat der. I ly for regnet. 

Glør frå bålet kan skade tarpen. 

Under grana var det nesten tørt. Eg fann ein flaskepost(!) Eg opna den. Tre personar hadde funne, skrive, lagt att posten. Eg hadde ikkje penn. La den att under treet. 

Det var ein liten edderkopp der. Det var ein fugl eg høyrde, veit ikkje kva. Såg fisk som vaka. Det var glitrande vakkert, kameraet gjer det diverre ikkje rettferd. Skyer, sol, skugge, fjell og skog. 

Eg tenkte på treet, og var takknemleg, og lurte på kva det tenkte og følte om at eg skar av greiner og fyra bål rett under det. Trur det gjekk bra. 

Så gjekk eg heim, og fann kantarellar, som eg no et til kveldsmat. 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar