torsdag 12. september 2019

På éin måte ikkje så vanskeleg å sjå kva ein må campaign med for å topple Trump.

Ein må tale til arbeidarklassene, betone deira verdigheit, viktigheit. Tale om gode velferdsordningar, betre fordeling. Sanders gjer langt på veg dette. Men han blir sett på som for radikal, for desse tinga går verkeleg imot grunntankar i amerikansk mentalitet, om fri marknad. Trumps "svar" til desse problemstillingane, er meir hawkish frimarknad. Det kjem antakeleg ikkje til å fungere på sikt. Det vil nok skape berre større skilnader. Dermed er USA in a pickle.

Det andre er å betone at ein vil attende til meir tradisjonelle verdiar, meir tradisjonelt samfunn. Mange ser 50-talet som idealet, blant Trumps veljarar. Tradisjonelle samlivsverdiar, eit rolegare liv, meir sivilsamfunn. "Make America Great Again!" Problemet er at liberal ideologi har drive utviklinga vidare til heile feminisme/pride komplekset, og natur sjåast som sosialt konstruerte hinder. Det er vanskeleg å snu klokka attende, gjeve denne ideologien.

Den same ideologien er moderne. Den vil ha meir effektivitet, meir pengar, meir "fridom", høgare hastigheit, fleire valmoglegheiter. Dette kan eit stykke på veg sameinast med det fylgjande. Men så seier det STOPP, og ein må velje, dvs. revidere ideologi. Eg meiner slikt som ro, meditasjon, fellesskap, venskap, kunst, kultur, sivilsamfunn og ikkje minst familieliv.

Så økonomisk liberalisme og verdimessig liberalisme er ein del av det same komplekset, og USA er bygd på desse verdiane, bank i bordet. Og heile ideen sprang ut av den splitta kyrkja, og det splitta "polis" i Europa.

Atwood peikar på diktaturet som endestasjonen for "the crunch" (eg har ikkje lese Handmaids). Det synest som at det trengst ein stegvis revidert ideologi, i alle fall, og eg trur Berman har rett: Den må finnast ved å gå attende i historia, ved å hente fram andre typar samfunnsformer og verdihierarki og ideal. "Slik vi var før". USA vil attende til "the 50s", men det er diverre ikkje langt nok, antakeleg, fordi dette var ei tid som var svært kapitalistisk og moderne, og såleis kan sjåast som ein slags mellomstasjon på veg til der vi er no.

Vi har noko av det same problemet også i Noreg. Antakeleg, trur eg, må vi attende til vår middelalderhistorie, og våre middelalderband til resten av Europa. Men revolusjonen på 1500-talet var djup, og kutta over mange av desse linene, og det er vanskeleg for oss å finne attende, både intellektuelt, teologisk, emosjonelt, sosialt. Vel - det er nok på ein måte uansett noko bra med det; endringar bør skje sakte. Utfordringa er vel å i det heile få dei til å skje.

Og altså: Katolikkar som Br Gregory opptrer som om dei katolske problema i seinmiddelalder ikkje var "essensielle", dei var berre ein del av tida, og kunne prinsipielt sett blitt ordna og reformert. Så enkelt er det diverre ikkje, sjølv om Vaticanum II gjorde mange steg i veldig rett retning for å møte moderne protestantisme og moderne vestleg tenking. Men eit perfekt samfunn og ei perfekt kyrkje får vi aldri. Det blir kompromiss.

Når alt dette er sagt, tenker eg også ein god del på forholdet mellom det å kvile, og vere til stades, i sin kultur - og det å vere på vandring, på reise. Ingenting er perfekt. Men mykje i Noreg er verkeleg veldig godt, spesielt på bygda. Også i kyrkja! Mykje er verkeleg veldig godt. Og det blir viktig å anerkjenne dette, glede seg over dette, leve i det. Kanskje før ein i det heile tenker på endringar. Tenke at Dnk også er ein "ståstad", noko å byggje på, noko å byggje vidare på.




Eg ynskjer å vere økumenisk katolsk/ortodoks/luthersk. Men også med erkjenning av det breiare moderne og liberale. Det er krevjande, så stundom er det godt å "miste seg sjølv" i konkret kultur og konkret natur og konkret fellesskap.

Hume sa: Når eg er lei av å tenke og berre har køyrd meg fast, så tek eg eit slag kort med vener, og når eg er ferdig, er alt gløymt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar