søndag 15. september 2019

I dag var eg på tur, på ein heilt utruleg fin stad. Det er på den langstrakte åsen som strekker seg vest mot aust frå Tveitgrend mot Spotsjodd, med Bandak og Sundkilen nedover på kvar side. 



Det var mange kantarellar ute i skogen. Eg tok ikkje noko med denne gongen, har allereie sopp å ete. Men veldig fint, ja.


Dette er noko slags lav på trea. Det skein så fint i sola. 







Noko fascinerande som eg har skjøna, er at eg elg faktisk likar utsikt. Det har eg sett gong på gong. At elgar kvilar seg på utsiktsplassar. "Elg i solnedgang." Ja. Ganske tankevekkande, nok eit døme på at korleis ei menneskeleg lengsel eigentleg er noko som ligg djupt i mange andre dyr, og kanskje også har noko med naturen å gjere, eller, uh, Gud. "Det vakre" etc. 




Det var mykje vind i dag, veldig også. Her med utsikt ned mot Bandak brygge, der Breidalen og Skarprud bur + at det er hytter der nede. 





Noko slags mose eller sopp som eg ikkje kan hugse å ha sett før, men som var fin. Liknar sjø-anemone:


Bilderesultat for anemone sjø







Eg kosa meg med eit bål, lukt av brennande tyrived, djup grøn mose som var mjuk, utsikt mot Roholtsfjell og Hurrung, furutre rundt meg.












Opp på toppen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar