torsdag 26. september 2019

Håp.

Håp i kvardagslivet
er mykje overlappande med håp i den teologiske trua
er mykje overlappande med håp i lokalkulturen og bygdesamfunnet
er mykje overlappande med håp i nasjonalkulturen.

Dei påverkar kvarandre. Sosiologane talar om mikro- og makronivå. No er det "disruptions" på fleire nivå. Mykje som er usikkert. TF skal ha konferanse snart, om "korleis forkynne håp i ein desperat situasjon." Ein kan også merke det i mykje populærkultur og faglitteratur. Apokalyptisk stemning, til dels. Kva gjer ein med dette?



Eg har skjøna at Preus talar om Gud heile vegen, men ho brukar ord som "håp", "vegen", "handa som rører" og anna. Og ho er veldig eksplisitt i bruken av "negativ teologi" ved at ho talar om den "navnløse gåte".  Stundom seier ho at ho syng ein salme for dei som ikkje har ein Gud (eit paradoks), og at ho kan kjenne att det heilage utan at det står skrive i ei heilag bok (også eit paradoks). Det er fascinerande å fundere på. Ein veldig interessant artikkel om dette HER, denne må eg visst lese ganske nøye når eg tek meg tid til det. Det er verkeleg veldig tankevekkande for meg at Preus endte opp som fast kyrkjegjengar og med ei uttala kristen tru - men då som ein "fruition" av alt som gjekk føre, ikkje sant. Ikkje som oppgjer.




Dette var ein god video for meg. Eg kan ikkje skrive så mykje ope på bloggen om mine indre funderingar om teologi, "spede spira lyt få stå."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar