søndag 8. september 2019

Gjekk pilegrimsvandring langs steinute strand ved Totak, mot Rauland kyrkje. Bylgjene slo inn mot land. Eg høyrde det, dei tala til meg, inn i meg. Steinane var runde og vanskelege å gå på. Folk var foran meg og bak meg. Eg var ikkje åleine. Eg tenkte, at, dette er godt. Dette opplevast godt. Kanskje pilegrimsvandring er noko eg bør gjere meir.

Eg tenker stundom på det. At eg kjenner på kall til å reise i fjell. Men kvifor? Ta insta-bilete så eg kan bli populær og kjenne sjølvrespekt? Få trening for å få god helse og musklar? Få eit klarare sinn og ein klarare livsveg? Eller? Finne Gud? Kanskje det er noko her, som manglar, som ikkje finst i norsk kultur. Men det er godt å gå i naturen uansett. Det er liksom ikkje feil.

Eg sat på båten Fram, det var godt. Det var betre enn eg hadde trudd, å sitje i frisk luft, kjenne på vatnet og sjå på skogen. Og hyggelege og fine folk rundt meg.

Eg høyrde munnharpe, det var også godt. Det var meditativt, eg ville ikkje at han skulle stanse, eg kunne ha site der lenge, kanskje 30 minutt og høyrd på og slappa av. Med familie og vener og sambygdingar rundt. God og djup og tradisjonell musikk. Eg tenkte på at eg kan bidra med slike ting med gitar, i kraft av å spele musikk frå hjarta, og ta musikken i bruk. Kanskje trengst det jamvel berre éin tone. Eller berre nokre få.

Vi sat ved bålet, det var også godt. Lenge. Såg på flammane, på solnedgangen, på fjella, og var i lag.

Vi spela brettspel. Når ein spelar spel, blir ein kjent med kvarandre, og eg får lyst til å synge. Det er aktivitet som gjer at ein gløymer seg sjølv, jamvel om ein har alle "benefits" av å vere i lag. Når spelet er ferdig, kjenner eg dei andre betre.

Det var nokre tankar for i dag. Ein god dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar