lørdag 28. september 2019

Ein bør heller lytte til eldre menneske enn yngre, når det gjeld livsvisdom, inkludert "teologi". Når eg les ei bok, kan den vere fagleg sterk og fylgje logiske reglar. Men innimellom "den tidlause vitskapen" lurar det masse premiss. Data-val. Ordval. Argumentasjonsrekker. Temaval. Prega av kultur, livserfaring, bakgrunn. Alt slikt "uvitskapleg", som freistast dekkast over, men som vi likevel aldri kan unngå.

Og då kjem visdomen inn. Eldre menneske som kjem seg gjennom det, som når "de modne år" utan å lide skipbrudd i livet. Eg er var no, for å lese bøker av yngre menneske. Klart det kan vere viktig og bra. Men nokre ting. Dei kan ha sterke meiningar, men manglar gjerne sjølvstendet og motet til å gå imot ting dei eigentleg ser som vanskelege eller usunne. Dei kan mangle vidsyn og horisontar og kompleksitet og nyansar - alle menneske utviklar seg gjennom livet. Visdom er "grå hår", i mytologien. Også skjegg.

Eg ser det når eg no høyrer på Åge A sin jubileumskonsert. Mange artistar er med for å feire han. Mange av dei eldre som syng, ser gjennom det som ikkje er verdt noko, og legg fram det som verkeleg er verdt noko. Åge sjølv lærte raskt, fordi han vart utsett for mishandling som barn. Så kom han seg så vidt i live gjennom ungdomstida. Då visste han noko om livet, og han fekk familie og vart ikkje nihilist. Andre norske artistar er også slik. Preus, som nemnt. Paus. Dei har alle turbulent fortid, men har blitt vismenn og vis-damer, så å seie. Også andre, eldre norske artistar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar