mandag 9. september 2019



Dette er veldig emosjonelt og tankemessig vekkande. til dømes minutt 26 og 35.

Mange artistar har kyrkjebakgrunn, og lagar musikk med høg kvalitet, men med ei slags håpløyse. Dei som har ein fot innanfor kyrkja framleis, er ofte dei mest interessante, og dei mest "håpefulle". Ein kan tenke Springsteen, som nyleg gav ut ei salmeplate. Han er "battlescarred", men han seier: "Once a catholic, always a catholic." Og det er sanneleg på godt og vondt.

Sundfør, ein artist eg verkeleg set høgt, har mista trua heilt, og ser ikkje vegen attende. Tekstane hennar er ofte håplause. Kva skulle ho gå attende til? Vestlandskristendom? Det passar for nokre, men ikkje for alle. Og det manglar jo "bruer" i den kristendomen, ofte, som kan leie til andre tradisjonar og spiritualitetar. Men dette er idehistorien vi alle er ein del av, som nordmenn, og det skjer mange gode ting, også i lågkyrkjeleg setting. (Dette er, og blir, også ein stor del av meg også, heile dette komplekset).

Skjønt - Sundfør har "mista trua" - men å miste trua går jo ikkje an, om ein ser vidt på det. Ein kan ikkje heilt miste trua på framtida, på medmenneske, på at skaparverket er trufast, på seg sjølv. Og ser ein vidt på det, er dette også å tru på GUD. (Gud er den som eksisterer, kjelda for alle ting, og vi kan kalle han for godleik, sanning, venleik, ljos, kjærleik). "Gud er ljos". "Gud er kjærleik". "Eg er sanninga". "Berre éin er god, Gud". etc. Men interessant nok talar tekstane til S om at ho har mista trua på båe delar. Det er interessant å tenke på kor nært dei to er knytte saman. Personleg røynsle og det store livsbiletet.

Men mange har kyrkjebakgrunn, ja. Så det er interessant. Uavhengig av kva ein måtte tru om sanning, så er det sosiologiske tradisjonar her. At kyrkja vekker kjensler, talar til djup, fostrar kulturuttrykk. Den gamle "religious/secular"-dividen bør ikkje bli for "policed", og dei som vågar å krysse grensene, bør få fridomen til å gjere det. Det krev at kyrkja er "trygg nok i seg sjølv", på ein måte. Har røter.

Nei - dette er vanskeleg når ein går inn i det, og kanskje bør ein ikkje for ofte gjere det. Ting er så komplekse, og det er grunnar for at vi har samfunnet som vi har. "Sanning" er vanskeleg å finne, eintydig. Prosessar er uforutsigbare. Godt med sunn kultur og sunne tradisjonar, religiøse og andre. Som ein kan kvile i. Eg ser no i alle fall ikkje noko "heile sanningi", så å seie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar