onsdag 4. september 2019

Det er tankevekkande.

Fleire gonger tidlegare i historia har ein trudd at verda har gått mot apokalypse.

No skjer det att.

Skal ein tru det?

Det er godt å vere på bygda, takk og lov, amen.

Med vener, med familie, med natur, med ro. Borte frå kommersialisme og stress.

Under overflaten lurar djupare problemstillingar.

Alt skal forgå.



Kropp, menneske, jord, alt saman.

Plutseleg blir mysteriereligionane frå antikken aktuelle att. Platonisme, gnostisisme, kristendom.

For meg er det slik: Når eg kjem nær liv og ljos, då får eg håp. Det kan vere gudsteneste. Det kan vere vener. Familie. Natur. Godleik som er uventa. Å bli akseptert når eg er usikker på om eg fortener det ("nåde").

Kan ein seie at dette gjev glimt av det evige - det som skal vare når alt forgår?

Vår tids kultur vil ikkje anerkjenne det at ting er forgjengelege. Ein freistar å fornekte det med "evig ungdom" i mange slags former. Det er ikkje visdom.

Men det er viktig også for meg, at vi treng å tolke tradisjonane inn i vår tid, på ein måte som respekterer vår forståingshorisont, vår integritet, vår kunnskap.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar