torsdag 5. september 2019



Det er rett. Preus forstod det. Det er guddomeleg kjærleik - og vår kjærleik har den guddomelege kjærleiken som kjelde, får vi tru.

 

Også interessant. Ho gjev ein analyse av "festekulturen" ho var med i som ung, med mykje alkohol og seine netter. Det var ikkje noko bra, sa ho. Ikkje nyskapande; ho fekk ikkje det ut av livet som ho ville. Ho måtte også finne seg ein måte å vere på som kombinerte sosial radikalisme med eit ope og sunt livssyn.

Janei, Preus er ein "sekulær mystiker". "Det mest radikale jeg kunne gjøre," seier ho ein stad. Å våge å gå inn i seg sjølv. Ho fann nok attende til ei tru, men det som er mest tankevekkande for meg, er dei vasstette skotta som har vore mellom teologi/tru og poesi/litteratur/mystikk. Ikkje alltid - men i lågkyrkjeleg luthersk kristendom. Novel - det har vore mykje poesi, litteratur, mystikk også der. Men innanfor strengt regulerte rammer.

Det det har skorta på, trur eg, er skapingsteologien - dvs. å ha eit språk og ein teologi for å vurdere det komplekse som kjem frå "breiare kultur" som godt og guddomeleg, trass i alt anna komplekst og grumsete som måtte finnast der.

Men også å ha ein slags tradisjon og ein slags kyrkjestruktur som kunne tillate desse tinga. Skjønt, kanskje er det dette Dnk faktisk har gjeve.




Eg tenkte på dette i dag. Noreg er i randsona. Vi er det reint fysisk, ikkje sant. Vi er ut mot havet, ved enden. Vi er langt unna både Moskva, Paris, Roma og London. "Fra det høye Sverre talte Roma midt imot."

"Fra det høye".

Dette er ei viktig årsak til at Noreg er protestantisk, rett og slett. Den katolske biskopen freista å mønstre motstand frå Sunnmøre, men vi låg for langt unna Karl V si makt, og måtte difor overgje oss til Danmark. Vi låg dermed langt unna paven også, i fleire hundre år, på godt og vondt.

Kristendomen og livssynet i Noreg er radikalt - radikalt kristeleg og radikalt sekulært. Vi er ein utkant, ikkje sant. Det skaper mange interessante moglegheiter. Radikal dugnadsånd, radikal deltaking, radikal bibellesing, radikal tru, radikal kritikk, radikal utforsking. Det er intenst, så vi må nordmenn må halde avstand til kvarandre og gå opp vidda.

USA er jo også ein utkant av Europa. Reint geografisk. DIT kunne dei radikale rømme for å sleppe unna maktsentra. Dei mest radikale rørslene i USA finst i ytste vestlege utkant: SF, California, LA.

P Fjågesund har skrive ei bok om "nord". Kanskje eg må lese den også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar