søndag 15. september 2019



Det er interessant med denne musikken. Veldig god musikk, veldig djup. Denne melodien bryt alle slags grenser for "temperert skala", moll/dur-systemet etc. Veldig underleg, på ein måte. Ein hardingfelespelar eg høyrde om, fekk høyre kyrkjeorgel for fyrste gong. Det gjorde vondt i sjela, sa han då. Det er kva ein er van med, naturlegvis. Men det er nokon veldig interessante "mentalitetsskilnader" her.

Og så er det interessant å utforske ting. "Middelalderuka" skjer i Numedal kvart år - slik også det skjer middelalderfestivalar og dagar rundt om i Noreg. Men eg har ikkje nett brydd meg så mykje om det før. Men det er der, altså. Slik også det er folkemusikkfestivalar og anna rundt om i landet.



Monsen er på Lindmo. Han fortel om at faren hans var veldig strikt med han. Fem minutt for sein heim --> husarrest i ein dag. Er det bra, tru...? Monsen lærte å sove ute, å klare seg med lite mat om naudsynt, å fryse om naudsynt. Var det bra, kanskje...? Bror til Monsen vart rusmisbrukar og døydde. Monsen vart alkoholiker og klarte seg så vidt.

Berre han kom ut på tur. Der, sa han - hadde han ikkje behov for rus. OG: "Brikker fall på plass". Kva er det for ein metafor? Lause brikker ligg. Puslespelet er uferdig. Det kan skape disharmoni og indre uro og frustrasjon. Kan...kanskje særleg for oss nordmenn? Men når brikkene fell på plass, kjem det større biletet fram. Det blir vakkert, fyldestgjerande. Ein kan kvile, kjenne indre ro, på eit vis. Meistring. Harmoni.

Monsen snakka mykje om meistring i det å vere ute med sterke naturopplevingar, oppleve mange spennande og vakre ting i naturen, klare seg sjølv åleine. Han snakka særleg om: Soloppgang og solnedgang. Om at mørket er skremmande, men at ljoset er godt.

Alt dette er jo djup spiritualitet.

Meir også: Monsen fekk vite at mor hans hadde bakgrunn i kvensk og samisk kultur. Ho hadde bøker om draumetyding, om sjamanisme. No, seier Monsen, er han fast overtydd om "det overnaturlege", og at han kan ha kontakt med mor si.

Det reflekterast ofte i Monsen sitt språk. Han tyr til "andelege ord" ved sterke naturopplevingar, og sterke turopplevingar.

Det er ting Monsen har opplevd i naturen, seier han, som gjer at han har ein slik spiritualitet og ei slik tru. Nordmenn vil lett avfeie det, eller, ville det kanskje før. No er også forskninga med på laget. Naturen er mysteriøs og djup, ikkje noko vi forstår eller kan kontrollere på nokon heilskapleg eller endegyldig måte. Here be dragons.

Men skjønt, Monsen er ikkje redd for naturen, han lever i den og nær den. Som 9-åring hadde han skjelsetjande oppleving av å overnatte åleine ute. Det gav ei svært sterk meistring som var vanskeleg å forklare, seier han. (Kva er det for ei erfaring??) Då ljoset kom, seier han, vart frykta borte.

Monsen kjenner naturen - og respekterer den. Det har eg ofte sett. Han spelar på lag med den, veit korleis han skal finne sin veg. Men han respekterer den. Der han ser krefter, farer, backar han off, så å seie. Om det så betyr å gå ein lang omveg eller det vil koste han mykje. Han veit at "jegern er liten og vidda stor."

Monsen har kontakt med døde, og er oppteken av draumetyding. Norske kristne kan fort sjå dette som heidenskap etc. Men så kan ein lyfte blikket og sjå at kristenheita utanfor Nord-Europa jo driv med nettopp desse tinga, jamvel i sjølve liturgien og i dei heilage tekstane.

Nei, det er rart med Monsen. Han er på nokre vis ein "unlikely hero", men "hero" er han. Han er heile Noregs turkamerat, vart det sagt. Ja - og ein andeleg veileder og ein "onkel" for folk som vil lære friluftsliv. Og han tek med handikappa folk ut for å oppleve meistring. Eg gløymer jo ikkje ein av dei som var med der. Som sat mykje åleine i bustaden sin, utan håp. Men etter serien opplevde han at livet var meiningsfullt og godt, jamvel om han var multihandikappa.

Noko lærte nok Monsen av far sin og mor si og kulturen sin. Og eg meiner nok at Jesus også har vore ein veileder for Monsen, anten direkte eller via-via. Eg er no glad for at Monsen har funne saman med Tr Rein også, dei synest å vere bra for kvarandre.

Ja - det er sikkert ei god og interessant bok.

Lars Monsen; mitt liv

4 kommentarer:

  1. Hei! Jeg lurte litt på hva denne musikken var ,så jeg begyte å lytte til den. Jeg satt nede for meg selv, og litt etter kom Vige, stille og la seg mjukt inntil stolen min. Han koste seg. Han la seg ned for å hvile til denne musikken. Tonene lekte med meg. Jeg ble hensatt i ulike stemninger, alt etter som assosiasjonene srømmet ut. Erindringer...

    SvarSlett
  2. Interessant musikk. Da jeg begynte å oppdage folkemusikken for noen år siden, var det på en måte som å komme til en helt annen kultur. Uvante skalaer, og man kan bare gi opp å telle. Men samtidig hadde jeg en merkelig følelse av at dette er min kultur også. Hvis jeg skreller vekk min generasjon sin populærmusikk og min foreldre- og besteforeldregenerasjon sine viser og musikklagsanger, da kommer jeg ned til de musikalske røttene som har eksistert i utallige generasjoner i det landskapet der forfedrene mine har levd.

    Hardingfeleslåtter kan ha et fantastisk driv som formidler positiv energi fra bryllup og andre lystige lag. Men fela ble vel ikke særlig utbredt før rundt 1700. Vokalmusikken derimot, har sikkert vokst frem i kulturen vår og i møte mellom kulturer gjennom tusener av år. Og den kan av og til treffe meg veldig, og blant annet formidle ro og noe ekte og inderlig. Jeg vil særlig anbefale innspillingene med Ragnar Vigdal (Mange av dem fins på Youtube).

    SvarSlett
  3. Ja, takk for det, har høyrt noko på han Vigdal, det var underleg meditativt. Vil utforske dette her meir, det er interessant, som du seier, at dette er musikk som på ein måte har å gjere med folkesjela. Takk for at du delar.

    SvarSlett
  4. Ja, takk til deg også, Anne M. Interessant å høyre. Dyr likar også musikk, har eg funne ut! Og er det ikkje spennande å bruke musikk som meditasjonsmiddel, slik du skildrar?

    SvarSlett