tirsdag 17. september 2019



Eg meiner berre, eg såg denne filmen på ny. Den har ein djupare kritikk av "late capitalism" enn eg visste. Dvs. korleis alle såg bort, valte grådigheit etc. Meklarar, seljarar, bankfolk, "rating agencies", politikarar. Og korleis systemet var rigga slik at det uansett ikkje ville hjelpe dersom ein "stod imot" og gjorde det rette. Kva måtte vere annleis? Eit samfunn som ikkje er bygd opp rundt individualistisk vinning, pengar som status, evig vekst. Tydelege samfunnsmessige og politiske rammer rundt det økonomiske. Erik Brofoss, Noregs sosialdemokratiske sjeføkonom: Vi skal styre økonomien, den skal ikkje styre oss.

Filmen er interessant fordi Pitt i filmen her, har sett innsida av systemet, og har valt å trekke seg ut, flytte til Colorado, dyrke sine eigne grønsaker, leve i ro og fred med sine nære. Steve Baum har jødisk oppseding, har studert Talmud, og freistar å vere "righteous" inni Wall Street-systemet. Han ser kor vanskeleg den oppgåva er. Noja, livet er kort, det gjeld å plassere seg sjølv på ein sunn stad, tenker eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar