fredag 16. august 2019

Vita brevis, ars longa.

Dette at livet er forgjengeleg, og samstundes er ei gåte.

Mange tekstar i Bibelen om dette.

Buddhismen tenker også mykje vist om dette.

(Cupitt ville sameine buddhisme og kristendom. Han sa: Kristendomen er "non-realism" - buddhismen har ingen Gud. Men vi kan sameine spiritualitetar. Han har heilt rett, bortsett frå at kristendomen berre er "non-realism" dersom ein forstår den bokstaveleg-logisk-rasjonelt-wordpicture. Ikkje dersom ein forstår den mytologisk-symbolsk-mystisk-metaforisk).

Mange prosjekt vil aldri bli fullført.

Mange gåter vil aldri få svar.

Mange ideal vil aldri fullførast.

Mange håp vil aldri bli oppfylt.


Slik er det - og ei erkjenning av dette gjer også at ein kan kvile meir. Det er buddhismens "evangelium". Så ofte vart religiøse straumar sett opp mot kvarandre, i mi ungdomstid. "Worldviews have different answers - which make more sense???" Joda, det har sin misjon, men i det heile var det amerikansk-imperialistisk-evangelikal-vitskapleg-rasjonalistisk-individualistisk tenking bak det, for mykje.

"It will disappear. It's all gone tomorrow." Syng Sundfør. Men spørsmålet er jo om det finst glimt av det evige her i røyndomen, om ikkje eigentleg alt er glimt av det evige.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar