søndag 25. august 2019

"To tell me what to feel, to tell me what is real"

Syng Sundfør.

Eg skjønar at eg må lære meir om buddhisme.

Kristendom har også tradisjonar, men det blir rett og slett litt for nært, det er vanskeleg å sjå klart. For mange tradisjonar, kanskje.

Eg meiner: Kva er verkeleg ekte, og kva er skuggar og illusjonar?

I kyrkja er det godt å kome ut av hovudet, og berre sjå kva det er som skjer.

"Den og den personen er der. Dei er sånn. Dei oppfører seg sånn. No les vi teksten. No syng vi ein salme. No reiser vi oss. No tenner vi eit ljos." Etc.

Eller: "No set vi oss. No snakkar vi. No et vi mat og drikke te. No ser vi skogen. No spelar i vi eit spel."

DETTE er ekte. Slik ER røyndomen. Dette er no i det minste ein baseline.

Eller: "No føler eg dette. No tenker eg dette. No er det denne utvekslinga."

Eller: [Og dette er litt meir freaky for meg]

"No gjer sommarfuglen dette. Den reagerer på meg, den føler og tenker og reagerer. Den er vakker og levande. No ser eg treet. Treet lever, og strekker greiner, og arbeider med å produsere frukt. Det er ekte, det lever, det er som meg. Dette er røyndom."

[Og det er ein freaky røyndom, for naturen er som meg, på veldig mange vis. Det er ikkje berre metaforar heller. Naturen er eit levande mysterium som har del i det guddomelege mysteriet, vil eg våge å seie. Og det er underleg, når ein kan tenke at dette er faktisk ikkje teori eller hypoteser eller noko eg kan fundere på når eg les ei bok. Det er ekte.]



Ja - buddhisme, men også Jesu måte å forholde seg til skaparverket på. Berre sjå på det heilt grunnleggjande, og erfare det, og gjere det klart for seg sjølv: "Dette er faktisk ekte, dette eksisterer, dette er mysteriet."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar