lørdag 17. august 2019

Pop og rock. Dei beste artistane og banda har klassisk bakgrunn, og har lært å spele piano. Ikkje alltid, men ofte.

Ein kan også lære musikk av å etterlikne andre, og "inhabit" ein tradisjon - og det må ein jo også gjere. Men ein kan berre "go so far" med det.

Metallica - korleis lærte dei alle dei feite riffa? Aha, Hetfield lærte seg fyrst klassisk piano.

Extreme, Nuno gitarist. Kan spele klassisk piano.

Paul McCartney. Lærte seg piano og harmonilære. (Og dei spela masse covers og lærte seg the trade slik).

Genesis hadde Tony Banks, klassisk utdanna.

Queens May kunne klassisk musikk.

Når det gjeld Led Z og Rolling St er det kanskje meir ein case av å vere ein del av amerikansk blueskultur. Led stal som ravnar, RS har eg aldri høyrt så veldig mykje på - musikken har vore litt for lite sofistikert. Men kanskje eg må ta det opp.

Radiohead har også mykje klassisk musikkbakgrunn.

Dire Straits, korleis lærte han musikk? Hm, litt usikker.

Brian Wilson, denne er interessant:

Most of his education in music composition came from deconstructing the harmonies of his favorite vocal group, the Four Freshmen, whose repertoire included songs by George GershwinJerome Kern, and Cole Porter

Det betyr altså at Wilson har stått i ein tradisjon frå jazz og klassisk. 





I det heile er dette interessant for meg på mange plan. 

Det er viktig å lære ordentleg musikkteori. Det boostar korsynging, gitarspeling, pianospeling. 

Det er viktig å vere medviten om musikalske tradisjonar, og lære av dei. Kanskje best å mestre noko godt, før ein verkeleg spreier seg over andre ting. 

"Disippelskap" er også viktig på det musikalske området. Nokon som har oversyn, har forståing for musikk, på heilskapleg vis, som også kan leie eleven, men samstundes gje fridom til utvikling. 

Men det er tankevekkande. Mange av dei beste banda har låtskrivarar som har hatt skikkeleg læreperiode som unge, der dei berre måtte vere disiplinerte og lære eit pensum, teori, stykke. Hetfield: "Klassisk piano var ikkje for meg, men det var ekstremt nyttig likevel. Eg lærte å spele med båe hender, og synge samstundes." Og han lærte musikkteori.


Også interessant: Hadde ikkje Wilson hatt tilgang til Gershwin og co, hadde det ikkje blitt noko ut av det. Etc.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar