lørdag 10. august 2019

Om ein vil ha ei spesiell naturoppleving: Reis til bygdetunet. I den fyrste svingen opp mot kleivane, er det ein stor stein. Gå inn rett bak den. Det er ein bekk. Det er tett, fuktig, varmt, vått. MASSE planter og grønt, nett som eit herbarium, som ein jungel! Skikkeleg tjukk mose, stammer som ligg over bekken der det er fullt av friske skot. Alt er grønt, grønt, grønt. Veldig spesielt.

Eg gjekk oppover bekken, fylgte den. Det var verkeleg flott. Rislande vatn som renn nedover steinur, og masse grønt. Når ein kjem eit stykke opp, endrar landskapet seg. Det blir meir "svåur", meir lyng, mindre mose. Også tankevekkande: Éin stad var det heilt dødt i elva, nemleg under betongbrua i det andre strekket i kleivane. Heilt grått og dødt! Det seier noko om kor viktig ljoset er, for livet. Det er tankevekkande for meg at det var mest frodig der det ikkje var direkte solljos. Det var veldig grønt der.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar