onsdag 14. august 2019

Om ein tek bustad i sin eigen kultur, i dens problemstillingar.

Norske klassikarar, norsk historie. Eg forstod aldri poenget med det før. Dersom sanninga er tidlaus, objektiv, logisk og rasjonell - kvifor bry seg med små norske forhold? Berre eit tapsprosjekt.

Men kva om sanninga/røyndomen ikkje er slik å gripe, men er å gripe i måten den framtrer for meg, i min nærleik? Også i gudsteneste, men då alltid kultureRt. I vener og familie, med deira kultur - som går like til hjarta deira! Like til botnen av personlegdomen.

Også meg. Eg er forma av ein kultur, og eg "ER" den på mange vis. Det er også kulturen som er "mediet" for kroppsutøving, gester, språk, fantasi, levemåtar og, og, og.



Og når eg slik finn attende til kulturen, så ser eg jo at heile vegen har det skjedd ting som er verdifulle, som eg ikkje før har verdsett.

Litteraturdagar i Vinje
Olav Duun-stemne i Trøndelag
St Olavsfestival
Telemarkfestival
Teaterstykke som ivaretek norske tradisjonar og klassikarar

ogogogog

Min tidlegare tenkemåte var også ein del av ei vestleg rørsle på 70-talet og utover. Globalisering og marknad. Liberalisme. Frigjering frå kultur og tradisjon. Hm. Det trengst ein kombinasjon av kultur og fridom. Men kultur trengst.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar