fredag 2. august 2019

Og det er ei interessant og viktig erkjenning at eg ikkje kan forandre verda så mykje. Rart med det. Før trudde eg vel at eg kunne det, at eg skulle "right the wrongs" rundt meg og i meg, og bruke nær sagt all energi på dette.

No veit eg at ting er veldig komplekse, og at folk er veldig situerte. Slik som ting er no, slik er dei, liksom. Slik vil dei i stor grad bli, og når dei endrast, så har det å gjere med store straumar som eg ikkje har så mykje med å gjere.

Kanskje er eg litt for defeatist, på ein måte. Men når ein har levd i 35 år, har ein levd lenge nok til å erfare ein generasjon, frå barndom til ungdom til vaksen til det å få ny barn. Og eg byrjar å kome opp på høgda i livet, så eg får utsikt både bakover og nedover. Eg byrjar å forstå "what it's all about".

Kanskje eg skulle forstått det på eit seinare tidspunkt, eigentleg. Eg har gjort det fyrst. Dei andre tinga, som eg skulle ha byrja med då eg var 25, får vi sjå om det blir noko av. Livet må levast framlengs etc., og Gud har ein plan med alles liv, har eg høyrt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar