onsdag 28. august 2019

Noreg er på mange vis som eit stort, kristent land, ei stor kyrkje, der Jesus er Herre. Vi fylgjer han, fordi liberaldemokratiets verdiar er grunnleggjande kristne. Ta vare på fattige, arbeid hardt, set andre foran deg sjølv, ikkje trakte etter status, aksepter folk i fellesskap. Så byggjer vi "Guds rike", på jorda, og ventar å nå det i himmelen.

Radikale vekkingskristne vil ikkje nett vere samd i analysen. Det er positivt å gå attende til kjelda etc. Vere tydeleg kristne, ta trua på alvor. Om ein ser vidare på det, og tek med i rekninga at tolkning og applikasjon alltid vil måtte finne stad, så ser ein likevel, umiskjenneleg, at Noreg er eit land med kristne røter.

Også det norske folket er "teologar", dei har sin "sensus fidei." Det er berre veldig vanskeleg å tale ope om det. Dei har høyrt kristen tradisjon, vore innlema i det, og så gjer dei seg sine eigne tankar. Mange av desse tankane er det på ein måte lov å uttrykke i poesi. Tenk Børli, Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas. Dei blir ofte IKKJE godtekne når ein "spells them out". Då blir dei fort gjenstand for skarp debatt i teologiske fora. (Eg har sjølv i sterk grad teke del i dette).

Så folk er stille med det, men går likevel i kyrkja no og då, og vil ha kyrkjelege rituale, og utarbeider seg si eiga tru, på eigen hand. Det er litt dumt, kan ein seie. Kanskje er det veldig dumt. Det å vere åleine med si tru og sin eksistensielle identitet. Det finst likevel mange uttrykk der ute, i kunst, kultur, musikk etc. Teologi også, men der blir det fort meir skrint, pga. protestantisk hermeneutikk og epistemologi (tekst er det som gjeld, ein må ha sikker viten etc.)

I kyrkja finst det mange uttrykk og tradisjonar - det er liksom fylden. Så lågkyrkjelege vekkingsorganisasjonar uttrykker eit behov, ein lengsel, ei side av tradisjonen. Det gjer også andre tradisjoner og grupperingar. Ein bør strekke seg langt før ein seier: "Du høyrer ikkje heime her." Eg trur at det skal rimeleg mykje til før ein blir kasta ut, dersom ein sjølv er villig til å vere fleksibel og gå inn i dialog.

Skjønt, Hognestad vart jo det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar