torsdag 1. august 2019

Mitt siste innlegg i VL. HER. Det er James P Mackey all the way.

Men eg forstår det no.

At lågkyrkjelege kristne i Noreg, protestantar, manglar eit stabilt rammeverk for tru og røyndomsforståinga. Ein manglar både djupt rotfesta kultur og filosofisk metafysikk og kyrkjelege tradisjonar og embetsstruktur. Kva skal ein då ty til? Bibel, Bibel, Bibel. Og når ein skulle løyse opp i denne harde fundamentalismen, står ein raskt naken attende, som dupp på ope hav, så å seie. Det er "the pickle" vi er i. Det er sjølve grunnangsten i den konservative kristendomen. Og ein kan ikkje berre avfeie denne angsten som ugrunngjeve heller.

Og når eg tenker på det, så skjønar eg at Nord-Europa på mange vis har teke store steg bort frå både klassisk antikk og frå klassisk kristendom - med myter, rituale, symbol, filosofi osb. Protestantismen er liksom eit langt stykke ut på denne vegen. Og å snu er ikkje så enkelt, kanskje ikkje ein gong ynskjeleg.

Men den vegen som fundamentalismen går, den har store omkostningar. Og den er jo ikkje sannferdig, på ein måte. Men, det er også mykje godt med lågkyrkjelege samanhengar, dei skaper også mange gode frukter, og det må vere bra, skal vi tru Jesus. Er fruktene gode, må treet vere godt.

Men dette trur eg må vere ein veg vidare: Ikkje nødvendigvis å leite etter "perfekt kristendom", liksom. Eller å løyse opp i alle konfliktar etc. Men heller å vere ærleg om konfliktane og omkostningane. Til dømes:

"Seier du at Bibelen er ufeilbar, så får du noko. Du får eit trygt system, ein kultur som vert halden på plass, eksistensiell stabilitet. Omkostningar? Ja - psykisk press, manglande personleg utvikling, utestenging av røyndom. Pick your poison, ikkje sant.

Seier du at du vil høyre til Dnk, så får du noko - men du må også betale noko.

Etc."

Trur det må vere bra å vere open om konfliktane. Fundamentalismen vil naturlegvis ikkje anerkjenne ulike posisjonar enn sin eigen, men kan dei ikkje likevel vere opne om omkostningane? "Vi står for Bibelen som ufeilbar, fordi vi trur at dette er Guds vilje. Men vår posisjon medfører mykje smerte for menneske, og at dei også må gje avkall på mykje sjølvstende og fridom." Kvifor kan ein ikkje seie dette?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar