lørdag 3. august 2019

Kva vil det seie å elske Gud? Korleis elskar ein Gud?

Luther talar om henge hjarta sitt på Gud, å stole på han over alle ting.

Det er noko der, som eg skjønar no. Eit problem.

For vi må jo stole på mange ting, og henge hjarta vårt på mange ting i livet vårt. Korleis sameine det med å stole på Gud og elske Gud?

Hm. Det er eit problem. Hjå Jesus kan det setjast på spissen: Ein må hate sin eigen familie og fylgje han. Eller: Selge alt og fylgje han. Etc. Og kome inn i ein ny samanheng, ny familie, få ny og annan rikdom.


Eller ein kunne seie: Gud er skaparen av alle ting, og alt er gjeve som gåve frå han. Så å elske Gud, er å elske Gud gjennom alt det som er gjeve. Familie, vener, natur, arbeid.


Ja, kva skal ein seie?


Er det eigentleg "avgudsdyrking" Jesus set fingeren på? Hm. Eller er det rett og slett at HAN må vere sentrum for livet uansett? Eller er det "Gud-gjennom-Jesus"?

Rart med det. Finst ingen uniform praksis hjå Jesus. Nokre gonger kalla han menneske til radikale val. Andre gonger sa han: "Nei, berre gå heim, du, og lev livet ditt i Guds ljos der du er".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar