mandag 5. august 2019

Kva betyr det å ha tru, håp og kjærleik?


Eg tenker på dette -

tru på Jesus, ja. Det er norsk kristendom sterk på, sjølv om den universale visjonen rundt Jesus ofte er borte.

Men tru på Gud Fader?

At ein kan tru på alt ein møter i livet, som er godt. Tru at det er godt, at det vil gjere godt. At Gud verkar gjennom det. At ein slik kan få håp.


Ikkje berre håp om Guds rike i framtida. Men håp for at livet er godt og meiningsfullt.


Eg tenker på dette når det er massakrar i USA. Eg las manifestet til han eine. Kjernesetningen var dette: Han hadde inga framtid, og var "in thrall" av enorme og upersonlege og destruktive marknadskrefter og statskrefter og ideologikrefter. No kidding. Alt var håplaust, så han gav F.



Men det er viktig å vere klar over desse tinga for kyrkja, meiner eg. Å sjå kva som gjev håpløyse, og å sjå kva som gjev håp. Å søke tru og von og kjærleik kvar det er å finne, og å tenke at dette er Gud, dette er Guds rike.


Var det eigentleg håplaust, for han fyren? Nei, slett ikkje. Men kvar finst vegen til håp? Det er ikkje alltid så lett å vite, for det vil jo også involvere ein haug med visdom. Dvs. å finne dei rette folka, den rette maten, dei rette prioriteringane, den rette kulturen, dei rette langtidsplanane. Kort sagt, å finne "frelse", for "frelse" er å få fri hals frå bandet, og å bli heil.



Av og til er det nok å berre møte naturen eller å møte eit anna menneske som bryr seg om deg. "I came here with a load. And it seems so much lighter now that I've met you," syng Coldplay, og det er godt sagt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar