søndag 4. august 2019

I suppose at om vi seier at Gud er sentrum for tilveret, sola i universet, så å seie. Så er Gud den som gjennomstrøymer alle ting og held dei oppe med sine "energiar", jamvel om han/det sjølv er eit ukjent mysterium. Så er det røyndomen som er sentrum også for livet og teologien - røyndomen, Guds røyndom, er det primære å forholde seg til.

Ortodokse kyrkjerom er laga som små univers - slik også tabernakelet og tempelet i GT var det. Dei var ikkje laga for å gå ut av røyndomen eller skaparverket, så å seie. Men heller for å vere ei mystisk tolkning som viser ein veg inn i røyndomen.

Og skaparverket som heilskap er på sett og vis Guds kropp og Guds tempel, ikkje sant. Så det er DET som er poenget, ikkje fyrst og fremst å pugge Bibelen, eller ein gong "Jesus-fokus". Dvs. Jesus er "sonen" som viser til Faderen og bed til Faderen. Jesus er "ordet" og stundom vert det også sagt at Jesus er "Gud," men det er svært sjeldan, og med god grunn.

I det heile er det alltid visdom i heresiar og motstandsrørsler. Om ikkje dei alltid har rett, når dei står åleine, så viser dei kvar det er spenningar, kvar det er grunnar til å tenke annleis etc. Ortodoksi som ikkje tek omsyn til slike spenningar, blir ofte veldig usunn. Dei kristologiske heresiane (som ikkje alltid burde ha blitt domfelt som heresiar) hadde gode grunnar bak seg, på ein måte. Dei viste noko om kva retning den elastiske ortodokse teologien BØR trekkast i.

"Jesus er Herre" - det var den fyrste kristne vedkjenninga. Kva kan det bety? Eg meiner ikkje: Kva seier eksegesen. Eg meiner: Kva betyr det i dag, for ei sunn og mogen og røyndomsorientert tru? Det tenkte eg på i dag "på vei til kirken" :-P

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar