onsdag 21. august 2019

I suppose at det å vere svak/skrøpeleg/sårbar er ein del av "the human condition". Om ein ikkje opplever det her og no, så vil ein gjere det før eller sidan. Bank i bordet.

Og at einkvar "etikk" eller "mentalitet" eller "livsstil" må ta det med i rekninga når det gjeld det å ta vare på kvarandre, akte kvarandre, forholde seg til kvarandre.

Å møte kvarandre med djup respekt, i kraft av at vi er skapt av Gud.

Kristendomen er best på desse tinga. Men eg reknar vel med at alle dei seriøse religiøse tradisjonane har dette i seg.

Og at ein "etikk" etc. som ikkje gjer dette, men reknar menneskekroppen, eller sinnet, eller livet, eller veremåtar, eller relasjonar, etc. som "perfekte", eller som set opp krav om det "perfekte", er

kva skal vi seie

i "faresonen" og i fare for å bli destruktive, eller det som verre er.

Desse tinga står imidlertid i spenning til "the law of nature", som også verdset det vakre og sterke. Skjønt! Skjønt. På kva vis? Jo, det sunne er godt. Det er godt å bruke kroppen. Godt med sunn mat. Godt med fellesskap og glede. Godt å ha kontakt med naturen. Godt å ha sunn status og sjølvrespekt.

Marknaden kan jo fort forvrenge desse tinga også. Verkeleg.

Men det gjeld å halde saman idealet om det sunne og det gode, og saman arbeide for dette, samstundes som "de sterkere de svake skal hjelpe trofast frem, så ingen går tilbake, men sammen alle hjem."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar