torsdag 22. august 2019

Har sett opp "camp" med hengekøye, sovepose og tarp. Prøvde å sove ute i natt.

Det gjekk ikkje heilt bra. Det blir for kaldt og uisolert i ryggen, når soveposen pressast ned og dunet blir trykt saman.

Neste natt: Lita madrass oppi hengekøya. Under-sovepose er best, men vi får prøve med dette.

Om ein reiser med bil, kan ein slenge i masse utstyr. Feltseng, skumgummimadrass, varm sovepose, tarp. Skal ein på tur, er det litt meir komplisert.

Hengekøye fungerer nok best på sumaren.

Ei herleg oppleving er det å liggje og vogge i hengekøya og sjå opp mot trea. Det skjer noko djupt med kroppen, det er veldig fascinerande. Litt som når ein baby blir vogga, det er faktisk det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar