onsdag 21. august 2019



Ein veldig god film er det.

Som tek opp heilt essensielle problemstillingar.

Schrader, regissøren, hadde ei djupt kristeleg oppseding. He knows where it's at.

Som med Scorcese.

Når verda opplever spenning mellom desperasjon og håp, i makrokosmos

- så opplever også menneske det, i mikrokosmos.

Og kva er den visaste reaksjonen på det? Kva skal kyrkja seie? Kvar er Gud? Kva gjev håp?



Eg hugsar at eg høyrde ein tale med ein misjonsleiar, i Oslo.

Temaet var: Meininga med livet.

Han snakka om kva nordmenn hadde for tankar om dette, til innleiing.

"Nokre seier: Gift deg og få familie, så treng du ikkje tenke så mykje på det."

Han lo av det, med sarkasme.

Gud er ikkje der. Gud er i kyrkja og Bibelen.

Meinte han. "Kyrkja må ikkje bli allmenreligiøs".

[Det opprører meg i dag, slik det opprører Schrader]



Mikrokosmos og makrokosmos.

Det er tankevekkande, fordi det oftast ikkje trekkast linjer mellom dei.

Eg har levd lenge nok til å sjå at dei nær sagt alltid heng saman, på komplekse måtar.

Stundom gjerast det eksplisitt. Men ofte ikkje.

Ein må "vite det", "mistenke det". Invitere til å vere ærlege.



Nei - ein god film er det, om enn mørk. Men det er jo poenget - kanskje poenget med menneskelivet: Å finne ljos i mørket. Kanskje metaforisk, kanskje heilt reelt. Eller kanskje dei to tinga faktisk er to sider av same sak.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar