fredag 16. august 2019

Ein kunne seie at kyrkje og kristendom er "tru", men at moderne samfunn må byggje på vitskap.

Ja - og psykologar, legar o. a. skulle jo tenkast å verkeleg vite kva dei driv med, sidan dei er vitskaplege.

Det gjer dei ofte ikkje, sjølv om dei i regelen gjer så godt dei kan. Ofte er dei ganske clueless, fordi vitskapen ikkje fangar opp heile røyndomen (for å seie det FORSIKTIG) - og kven veit kva konsekvenser det får, kva delar den ikkje fangar opp, kvar grensene for vitskaplege innsiktar går etc. Ingen veit - demarcation problem.

Det set også kyrkja i nytt ljos, ikkje sant. Eg har tenkt på det. Å vere prest kan verke både meiningsfullt og meiningslaust, på ein måte. Veit ein at det er sant? Veit ein at ein leier folk på rett veg? Etc.

Når ein veit kor store vanskar også psykiatri og medisin har for å "sjå det store biletet" og forholde seg til fenomenologisk røyndom og tolke denne rette, blir også kyrkje og presteteneste sett i nytt ljos. Reint fenomenologisk kan kyrkje og prestar fange opp veldig mykje røyndom. Og tolke.

Det krev at teologien også er sjølvmedviten og sjølvkritisk, og forholder seg til både vitskap og fenomenologi - og tradisjonar og kultur og menneskeliv etc. Og, spiritualitet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar