tirsdag 6. august 2019

Eg trudde alltid før at den apostoliske vedkjenninga seier at Jesus skal døme menneske anten til å bli levande eller til å bli døde. Altså, døme til liv, eller til død. Kanskje er dette ei sentral meining, historisk sett.

Men no skjønar eg at grunntanken nok heller er at Jesus skal døme dei som er levande, og døme dei som er døde. Så vedkjenninga er på ein måte meir open mtp. kva domen skal vere. Vedkjenninga nemner dødsriket, og har kanskje ein implisitt referanse til "the harrowing of hell", dvs. når Jesus forkynte for åndene i dødsriket. Men tanken er vel helst at alle skal gjennom domen foran Jesus.

Er Jesus verkeleg sett til å vere domar på dette viset? Ikkje så godt å seie - men slik er den religiøst kulturelle arven som vi har frå NT og den fyrste kristne tida. Den høyrer i lag med tanken om at Jesus er den som Gud har utvalt til å vere Messias, Herre, frelsar og domar.

Eg tenker nok at dette er ein "veg" som vi går, i kyrkja - men om andre vil gå andre vegar, så kan dei også det. Skal kyrkja misjonere "Jesus" for andre, så blir det veldig viktig å byggje bru til kultur og tru, og vise korleis Jesus-trua grunnleggjande stadfestar skaparverk, kultur, historie, det menneskelege, naturen.

Og elles er jo ikkje Jesus meint til å vere ein slags regelrytter, eller ei slags lærebok. Slik var han heller ikkje i sitt eige liv. Heller er tanken at han er ein slags andeleg meister som viser ein "veg", slik også mange filosofar gjorde på denne tida, eller slik ein ortodoks starets kan gjere i dag. Kor lydig må ein vere? Sei det.

Kanskje den som er læresvein, må vere meir lydig enn den som er vaksen og "utlært", som Jesus seier. Men alt skal skje i fellesskap. "Når eg og Jesus åleine er", så er det ein unormal situasjon, på ein del vis (sjølv om den salmen også har fine ting i seg). Så det er lov å diskutere, vere usamd, stå i spenning etc. Jesus tok trass altså feil av og til.

Men domstanken er også ein tanke som finst i religionshistoria, kulturhistoria - og for øvrig filosofien, psykologien etc. Det er ikkje ein "Jesus-tanke" eller "kristen-tanke" eller noko. Det er ein meiningsfull og open kategori som omfattar spørsmål knytt til ansvar, framtid, relasjonar, forvaltning - og også angst. Vi i vår tid må utforme vår domstanke, ved å gjere bruk av dei ressursane vi har, som omfattar særleg dei kristne tradisjonane, men som pdas. ikkje er avgrensa eksklusivt til desse.

4 kommentarer:

  1. Og han skal komme igjen for å dømme levende og døde.

    Dagen kommer da den rettferdige Gud, som kjenner alle aspekter av det vi gjør, tar oppgjør med alt som smaker av ondskap, lidelse og død. Vi ser at onde ting skjer i vår verden i dag, og noen ganger gråter vi over hvorfor Gud ikke griper inn, hvorfor han ikke hindrer ødeleggelsene. For mange blir den kommende oppgjørsdagen en oppreisning, et endelig oppgjør med urett.
    Jesus Kristus i dommersetet? Ja, slik forkynner den tidlige kirken, og det skal vi alle være takknemlige for. Vi vet at i utgangspunktet har Jesus tatt oppgjør med døden; og i henhold til Guds rettferdighet, får vi skjule oss i Kristus. Her vil nåde gå for rett.
    Johannes sier at om vi sier vi ikke har syndet, bedrar vi oss selv, og jeg vet han snakker sant om det. Selv de mest ryddige og hyggelige blant oss er ikke uten synd. Tanker, ord, gjerninger... Jeg er ikke redd for dommen, men har respekt for den. Jeg kjenner utfallet, fordi jeg er skjult i Kristus. Slik er det å leve som kristen.

    SvarSlett
  2. Hehe. Ja, det var solid teologi.........men kanskje litt "trygg"?

    Eg tenker nok langt meir "lausleg" om domen, og ser tekstar og tradisjonar meir som ressursar og kjelder for vår kreative tenking om desse tinga i dag. Ein bør ikkje ta desse tinga for bokstaveleg, meiner eg, for då rotar ein fort fast i logiske paradoks og vanskar, som så kan skape psykiske og sosiale problem av ulikt slag.

    SvarSlett
  3. Ja, trygg – det var jo et godt ord. Jeg er en enkel sjel på mange vis!
    Happy. Jeg er enig i at det er uvettig å forsøke seg på et lukket system om dommen og ‘de siste tider’, for det som er sagt om det i Skriften er i bilder og gåter, framtidsutsagn om noe ingen har erfart. Men er Jesus Kristus i dommersetet, da er det håp for enhver. Så jeg tenker ikke mer over det enn at jeg får være klar til å møte min skaper...

    SvarSlett
  4. Eg tykkjer dette høyrest vitugt ut, eg.

    SvarSlett