søndag 25. august 2019

Eg høyrde på Stjernekamp på NRK. Semiprofesjonelle artistar som syng covers.

Dei vert melde i NRK, med terningskast. Interessant. Nokre får kast 5 etc. Vel og bra.

Nokre får terningskast 1 eller 3. Korleis er det mogleg? Det er interessant, dette.

Etter visse kriterier, som kan verke litt, hm, subkulturelle og "harde" og snevre, dømast dei nord og ned. "Ikkje bra nok snert i stemma, ikkje rått nok, ikkje nok energi" etc.

Eg såg dei, og tenkte: "Ikkje dårleg!! Javel, det er ikkje som originalen, men det er bra likevel! Masse å glede seg over."

Det er bra, for dei song ikkje særleg surt, dei prøvde verkeleg, dei var positive og var "med." Det var god stemning. Kva meir kan ein krevje? Mykje meir, skal ein tru NRK-meldaren.

Og dette er eit kulturtrekk, veit eg no. Høge ideal og krav, som ikkje spring ut av "væren", men av kulturelle "performance"-trekk.

No vil eg meir seie: Songarane er menneske, 10+ poeng allereie der. Dei har velvilje, 10+. Dei ynsker å dele noko med oss, 10+! Dei syng ein song med meining, 10+! Dei har musikalitet, 10+!

Etc. Når ein har teke med i rekninga alle skapargåvene, og alt det gode som songarane er i kraft av å vere menneske, og utfalde sin menneskelegheit, så har dei allereie ein god karakter, så å seie. Det blir meiningslaust for meg å gje terningkast 1 til ein av desse songarane.


Dette er faktisk seriøse ting, altså. For det har å gjere med kritierer for sjølvaksept.



[Og eg song i kyrkja i dag også. Eg gjorde mitt beste, song og spela bra. Rota med eit mellomspel som gjorde at eg datt ut og forvirra organisten. "Terningkast 2!!!" Nei. Ikkje det. Det var meir enn bra nok, for det som verkeleg betyr noko for menneske, bevegar seg på eit anna plan.]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar