mandag 12. august 2019

Du er ingi gåte, Ofelia,
berre den gåta eit liv og eit hjarta er.
Kor umogeleg og flokut livet kan verta!
Kvar skulde me gå
um me ikkje hadde sorgi og døden?
Dans, Ofelia, syng!
Strøy rosor ikring deg,
røm inn i eit myrkare rom,
det er ljuvare der, dagen der
er ikkje so hard.
Når kvida si eldpil sting deg,
so syng, Ofelia, dans!
Vollgravi er strøydd med rosor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar