torsdag 8. august 2019

Driv og les Jan Inge Sørbøs "Svar til ein sjaman", ei bok som er veldig aktuell mtp. Durek og Märtha.

Sjølv har eg mykje forståing for både New Age og sjamanisme, men ser også at det langt på veg treng å høyre til i tradisjon og rammer for ikkje å gli ut i fullstendig irrasjonalisme og maktmisbruk og rusmisbruk.

Interessant i så måte at Sørbø nemner Findhorn-senteret i Skottland, grunnlagt for rundt 50 år sidan. Det var då eit slags New Age senter. No er det "Ecovillage", som legg vekt på natur, mystikk, økologi, fellesskap. Eg ser på dei som held foredrag der. Det er folk som ligg nettopp i skjeringspunktet mellom kristen "new age" (austleg mystikk og helse og holisme etc.) - og kristne tradisjonar, særleg i mystikken.

Før ville eg kalle det "religionsblanding", men no kjenner eg jo kyrkjehistoria og NT- og GT-forskninga, og veit at "religionsblanding" er "order of the day" i kristen tradisjon. Ein kjem ikkje utanom spørsmålet om "kvar grensene går", så å seie, men dialogen og brytningane pågår kontinuerleg, og BØR og SKAL det også, ikkje sant.

Og noko av problemet her, er at grensene som er dregne i av norske lågkyrkjelege rørsler (og for så vidt også norsk kyrkjelegheit generelt sett), er kulturelt betinga, historisk betinga, ikkje sant. Dei er ikkje alltid tenlege eller sunne. Så ei økumenisk innstilling blir viktig her, trur eg. Mackey skriv at kristne bør sjå på det som ei tydeleg plikt å besøke andre kristne kyrkjelydar no og då, delta i rituale og sakrament, be og vitne. Tankevekkande, og eg trur det er rett.

Findhorn her og her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar