onsdag 7. august 2019



Dette er utruleg bra spela og sunge, må eg seie. Spes gitaren, men også trommene. Og dei andre. Har sett denne videoen så mange gonger. Den appellerer veldig til meg, må eg seie. Det er ein real klagesalme frå Black Sabbath. Og stundom er det på sin plass.

Skal seie dette. Som prest kjem eg nær innpå menneske. Kvar var hjarta mitt før? Eg veit ikkje heilt, faktisk. "I lost my heart, I buried it too deep, under the iron sea." Men når hjarta mitt er mjukt, så merkar eg at det er veldig mykje smerte blant folk. Det er veldig tankevekkande for meg. Det set liksom religion, kyrkje, kristendom, Gud i nytt ljos.

Å tolke røyndomen for folk, så dei får håp, på ein måte. Å seie gode ord, bidra med riter, liksom. Som kan lækje. Eg prøvar, kanskje eg kan gjere litt. Men det er viktig å vere i kontakt med hjarta. "Framfor alt - for livet går ut frå det."


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar