mandag 5. august 2019

Det krevst mykje know-how for å leve vist. For livet dynamisk, i stadig utvikling, og ein er del av samfunn og kultur. Ein må kunne mange ting!


Fikse bil
Ordne forsikring
Skrive søknadar
Finne jobb
Vere ein god kollega
Gjere ein god jobb
Pusse opp hus
Spare pengar
Kle seg godt
Vere ein god forelder
Vere ein god son/dotter
Tolke andres signal
Bruke kroppen dagleg
Ha god hygiene
Lage sunn mat
Fremje god helse
Kunne sosiale kodar
Vite korleis ein handterer kriser
Arrangere festar
Gjere det triveleg rundt seg
Ha sunne hobbyar
Unngå usunne og risikable situasjonar
Ha indre ro og balanse
Gjere godt for andre
Leve til teneste for andre
Setje seg mål i livet
Ha disiplin og uthaldenheit
Leggje seg tidleg og stå opp tidleg
Vere ein god ven

Etc. etc. etc.


Og utover i livet må ein stadig lære nye ting.


Korleis kunne då kyrkjelydane i yngre tid seie:

"All I need is you. All I need is you, Lord, you Lord. You are my everything"

Eller:

"Gud, du er alt. Gud, du er alt jeg trenger."

Eller:

"Bibelen gjev livsrettleiinga som du treng."

Eller, eller, eller.



Fordi det er fundamentalisme, og fundamentalismen er forma av moderne kritikk av kristendom. Verda og menneskelivet er sekulære eller negative, "Kyrkje/Bibel/Jesus" er kristne og gudlege, og bør i teorien vere nær sagt altoppslukande. Men dette er ikkje rett eller sunt.

Det trengst ein måte å ha sunn spiritualitet og teologi, som kan sameine desse tinga, og la ei tru utfalde seg innanfor ramma av ein kultur og eit liv. Men dersom ikkje ein kristen samanheng viser vilje til å arbeide for dette, kan ting gå gale.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar