tirsdag 20. august 2019

Det beste med å bli eldre?

Å sjå meir av kva som er ekte og verdifullt -
og kva som i mindre grad er det.

Å sjå meir av kvar skattane ligg -
og kva som er illusjonar, "narregull".


Bibelen og kristen tradisjon ligg der som eit stort kart, eit stort skattekammer. Men desse tinga kan leie til øydemark like fort som dei leier til Eden. Dei treng ein kultur, ein visjon, ei tolkning, eit fellesskap.

Viktigast for meg var det å ta avstand frå alt saman - for å få eit klarare blikk. Å verkeleg kjenne på kroppen, i sinnet, kva eg mista, kva som verkeleg er godt i livet.

Finne stønad frå gode bøker, om desse intuisjonane. Hari, Buhner, Turkle, Abram etc. 

Lese seriøs "social criticism". Berman, Rosa, Lustig etc.

Finne attende til tru som ein kan leve med, Mackey, keltisk spiritualitet, Allison.

Rart at eg trong å lese. Men eg vart indoktrinert i eit "tenke"-livssyn, på massivt vis.
Og måtte også tenke meg ut av det :-s

Men målet er å finne attende til det ekte - som også dreier seg om kropp, "gut", kjensler. Rart med det! For Bibelen snakkar veldig masse om dette. Min ungdoms kristendom gjorde det ikkje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar