fredag 30. august 2019

[For kva det er verdt, det finst også ei breidde i NLM. Eg tenker mest på at Dag ØØ har valt vegen av å vere tradisjonalist, og å halde seg til den offisielle retninga. Skjønt - han har nok ikkje valt det, men heller ført det vidare, og så har han revidert mykje anna mtp. spiritualitet, kyrkjesyn, kyrkjefellesskap. Vi har alle våre ståstader, så poenget her, som eg tenker på, er at norske katolikkar fort blir "konservative katolikkar". Vi høyrer no i alle fall til same store kyrkja.]

Dag Øivind Østereng skriv frå katolsk hald på VD. Men han er ikkje vanleg katolsk. Han er misjonssambandsk-katolsk.

Slik blir det når norske konservative konverterer til katolisismen. Dei blir fort ikkje breie, vidsynte katolikkar, men strenge, lojale etc. katolikkar. Dei tek med seg den gamle teologien, epistemologien og gudsbiletet inn i katolisismen.

Rock and a hard place.

Streng lågkyrkjeleg protestant?

Kjempeliberal forkjempar for ny samlivsetikk?

Streng konvertitt-katolikk?

Likesæl norsk-demokrat?

He.

Stundom best å ikkje tenke for mykje på det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar