fredag 2. august 2019

Då eg var barn, var ting bra. Fram til eg var rundt 11. Kanskje. Hadde eg berre kunna leve på nytt...

Rart med det. Eg har forstått at det er vanleg å oppsede borna ut frå kva godt ein har fått. Eller: At ein aktivt kompenserer for det ein mangla som barn. Det kan vere litt risky.

"Den arven vi har gitt dæ, kan vær tung å bære me sæ"

Hadde eg berre kunne leve på nytt, så hadde eg ikkje ete godteri, dvs. i veldig små mengder. Og eg hadde ete grønnkål og fisk og innmat. Og eg hadde halde fundamentalismen på trygg avstand.

Men sånn er det - livet må levast framlengs. Levemåtane ovanfor var fullstendig umoglege for meg, i den settingen eg vaks opp i.

Det er noko eg tenker på, som eg ikkje veit kvar eg skal finne ressursar for å tenke rett og sunt om. Det å leve med veikskap, infeksjonar, sjukdom, skrøpelegheit. Og likevel vere i livet, akseptere.

Er det berre eg som ikkje har fylgt med, eller er det vanskeleg å finne refleksjonar om dette, i dag? Hu. Nei, eg veit ikkje. Men det er viktig. For når ein fyrst er klar over kor mykje sånt som går blant folk, så ser ein at det nærast er normaltilstand. "Alle har sitt, smått eller litt."

Ein byrjar å sjå at buddhistane har rett. "Life is suffering." Eller at Paulus har rett: "Vi har skatten i leirkar - vi har døyelege lekamar." Kanskje er det dette som er så vanskeleg å tale ope om i norsk kultur. At kroppane våre er forgjengelege. "Memento mori."

Finne glede i svakheit. Men sjølvsagt også kjempe for å avhjelpe liding, lækje, lindre.


Eg finn trøyst i stoisisme, nyplatonisme - i kristen avstøyping. Vi vender attende til Gud, og Gud kan vi sjå "i kvar blom som tirer".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar